– Ein trasé frå Manger til Skageneset framstår som det mest nærliggjande alternativet, og helst som ei rundløype etter kvart. Men andre alternativ kan også vere aktuelle, fortset Hervik.
– Ei slik “Folk i form” løype kan bidra positivt til betre trivsel og folkehelse ved å stimulere til fysisk aktivitet. Andre viktige tiltak for å fremme auka fysisk aktivitet er å satse på ballbingar og andre nærmiljøanlegg. Venstre vil ta opp dette i samband med rulleringa av plan for anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø, seier Hervik.
– Radøy kommune har ikkje god økonomi, men gjennom tippemidlar, litt kommunale investeringsmidlar og dugnadsinnsats er eg overtydd om at me kan få til noko etter kvart, seier Hervik.
– Vis sitert tekst –