Kulturkommunen Voss!

Vaenstre har markert seg i aktuelle saker innan kultur siste valperioden – og vil gjera det oså i komande! Ein løpesetel 20. aug. nemner nokre hovudpunkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kulturen i Voss er tradisjonsrik, mangfaldig og sterk, og ulike lag og privatpersonar spelar ein avgjerande rolle. Men det krevst innsats for å halda denne kulturen oppe, og vidareutvikla denne, særleg i høve til forventningar hos unge.

Venstre har i heile siste valperiode vore ei vaktbikkje og ein pådrivar for tiltak innan kulturområdet:
– gjekk mot riving av Enkjeheimen
– understreka at estetiske omsyn må vega tyngre ved nybygg
– føreslått samla kulturplan og oppretting av eit kulturråd (til slutt vedtatt utgreidd!)
– føreslått midlar til styrking av kulturskuletilbodet

Også i komande valperiode vil vi følgja opp liknande saker og arbeida for vidare utvikling av Vossakulturen:
– aktiv satsing i det nye kulturhuset
– ombygging av den gamle kinosalen til ein god akustisk sal
– nytt og større symjeanlegg
– ta vare på det meste av Bømoen til friluftsføremål
– vern av gamle bygningar og ta vare på lokal byggjeskikk.

Voss skal ha eit aktivt kulturliv i ei vakker bygd med særpreg! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**