Fødselsår: 1991
Stilling/yrke:
Ikkje noko heilt fast for tida, men tek jobbar som dukkar opp og så mange ho berre rekk over.
Interesser/hobbyar: Fjord og fjell, lokalpolitikk og bygdeutvikling, musikk men då helst å lytte til.
Hanna Menes er nyleg heimkomen til heimekommunen etter tre år på vidaregåande ved Firda vgs på Sandane, og eit år i fyrstegongstenesten på Rena Leir i Østerdalen. Ho trivast godt heime, og valde difor å tilbringe eit halvt år her, for å tene pengar til den store reisa ho set ut på i januar som vil vare i 5 månader. Hanna vil då ut å utforske den store verda, og bli kjend med fleire kulturar og folkeslag, og vonar å koma heim med mange nye erfaringar, nye impulsar og ny inspirasjon.
No arbeider ho hjå Balestrand kommune ved Helsetunet og ved Sagatun skule. Ho er ganske "fleksibel" i arbeidslivet, og har jobba bl.a. innanfor reiseliv, i butikk og hjå Fjord1.
Hanna har mange års erfaring innan forskjellige verv. Som styremedlem i Fjordljos 4H har ho sanka seg mykje nyttig informasjon innanfor ulike fagfelt som dei tilbyr. Ho har også vore tillitsvald på bl.a. vidaregåande og i troppen sin i fyrstegongstenesten. Hanna var, då ho budde heime, lenge medlem av Balestrand Ungdomsråd. Både som nestleiar og leiar jobba ho for at ungdommane skulle ha, nettopp, ein stad å vera. Hanna har også vore Balestrand sin representant/utsendar på Fylkestinget for ungdom og fremja saker som engasjerar ho, og som er i ungdomen si interesse.
I desse dager er det mykje arbeid som står på dagsplanen til Hanna, men når ho har fri likar ho helst å gå seg ein tur på fjellet, eller reise på hytta si på Gaularfjellet og kombinere "ferie" og friluftsliv. Hanna gler seg til jaktsesongen startar, og håpar å få høve til å vere med på nokre jakt-dagar. Elles er Hanna ei familiekjær jente som når ho er ute og reiser gjerne nyttar høve til å besøkje kjende og kjære