Det viktigaste for Venstre no er å nytte forkjøpsretten til Fjord1-aksjane

Det viktigaste no er å nytte seg av forkjøpsretten, å sikre arbeidsplassane i Florø og å forvalte dei store verdiane i Fjord1 på ein best mogeleg måte for folket i Sogn og Fjordane.
Etter vårt forslag vil Sogn og Fjordane fylkeskommune sitte med 100 % av aksjane i Fjord1. Etter AP, SP og SV sitt forslag vil Sogn og Fjordane fylkeskommune sitte med 59 % av aksjane i Fjord1.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marit Barsnses Krogsæter

Foto: Linda Ness Rotihaug

Det er viktig at hovudkontoret ligg i Florø og sikrar arbeidsplassane der. Med SP, SV og AP sitt forslag har vi ingen garanti for arbeidsplassane, berre at konsernleiinga skal ligge i Florø. Det kan i verste fall bety berre ein arbeidsplass.

Media har gjort eit kjempepoeng av at vi vil ha eit nedsal av aksjar. Vi har ikkje sagt noko om at vi vil selje.

Vi vel å lytte til dei rådgivarane som fylkeskommunen har betalt for å gi oss gode råd. Eg synest det er tragisk når AP kallar dei for " Blå russ". Kvifor brukar Ap store summar av skattebetalarane sine pengar på rådgiving når dei veit best sjølv?

Håpar at flest mogeleg av Fylkestinget sine medlemmer ser at det mest fornuftige vi kan gjere no er å nytte oss av forkjøpsretten. Det å nytte forkjøpsretten gjev oss tid, det gjev også folket i Sogn og Fjordane mogelegheit til å seie meininga si i denne viktige saka.

Venstre trur at dei som interessert i å kjøpe aksjar i Ford1. ikkje gjer det for å hjelpe Sogn og Fjordane med økonomien, dei gjer det fordi dei ser på Fjord1 som eit selskap det er mogeleg å tene pengar på.

Vi folkevalde er satt til å forvalte verdiane i Fylkeskommunen på ein best mogeleg og langsiktig måte. Derfor vil Venstre nytte seg av forkjøpsretten.

Marit Barsnes Krogsæter
Venstre sin gruppeleiar på Fylkestinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**