Valprogram 2011-2015

Ei røyst til Venstre i Gloppen er ei røyst til eit framtidsoptimistisk Gloppen med ein sterkare og betre samanknytt region rundt oss!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gloppen Venstres programframside

Foto: Malin Victoria Alander

Program for Gloppen Venstre 2011-2015

Programmet kan også lastast ned som pdf-fil

Ny vekst i Gloppen
Som Noregs einaste liberale parti vil Venstre gje fridom til den enkelte, samstundes som vi skal ta vare på fellesskapet, miljøet og dei svakaste i samfunnet. Vi vil sleppe kreativitet og skaparkraft laus. Vi trur på at entreprenørskap, frivillig innsats og dugnadsånd vil bidra til å skape eit betre samfunn for alle.

Vi vil at Gloppen skal vere ein "ja-kommune" for alle som kjem til Gloppen. Alle skal vere velkomne og bli tatt godt i mot, uavhengig av hudfarge og kulturell bakgrunn. Venstre trur at alle kan bidra til fellesskapet og gjere Gloppen til eit opnare og meir inkluderande samfunn.

Vi i Venstre trur på framtida for Gloppen. Vi meiner tida er inne for å sleppe nye krefter til som kan skape optimisme og ny vekst i Gloppen og regionen vår. Det må førast ein aktiv næringspolitikk, særleg retta mot kompetansearbeidsplassar, slik at fleire kan sjå Gloppen som ein attraktiv stad å etablere seg.

Målet for politikken vår er at Gloppen skal vere ein god kommune å kome til og ein god kommune å bu i, vekse opp og bli gamal i.

Ei røyst til Venstre i Gloppen er ei røyst til eit framtidsoptimistisk Gloppen med ein sterkare og betre samanknytt region rundt oss!

Varm velferd når du treng det

Gloppen Venstre vil:
• at Gloppen kommune skal ha høg kvalitet i helse-og omsorgstenesta
• at Gloppen kommune skal vere i front i gjennomføringa av Samhandlingsreforma
• styrke den heimebaserte pleie-og omsorgstenesta og følgje opp ressursbehovet til Gloppen Omsorgssenter
• følgje opp behovet for omsorgsbustader med døgnbemanning både i Hyen, på Byrkjelo, Breim og på Sandane
• ha ei betre tilrettelegging for funksjonshemma
• stimulere det frivillige arbeidet retta mot eldre og funksjonshemma
• leggje vekt på førebygging og rehabilitering
• at Nordfjord sjukehus får ressursar nok til å fungere som eit tenleg lokalsjukehus for Nordfjord med basis i nødvendige akuttfunksjonar og anesti

Eit kreativt og verdiskapande Noreg

Gloppen Venstre vil:
• ha ei sterkare satsing på næringsutvikling og attraktive arbeidsplassar
• at kommunen bidrar til å sikre næringsareal/-lokale til nyetablerarar på gunstige vilkår i ein etableringsfase
• halde fram med oppsøkjande verksemd retta inn mot ungdom under utdanning og drive ein aktiv politikk for at fleire skal flytte til Gloppen
• at kommunen i samarbeid med Firda vidaregåande skule utarbeider eit program for oppfølging av Firda-elevar som kjem tilbake hit i samband med jubileum, etc.
• arbeide for å få fleire fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar lagt til Gloppen
• delta i eit nærare samarbeid mellom Nordfjord-kommunane for å få fart på næringsutviklinga og få fleire til å etablere seg i regionen
• profilere Nordfjord som ein samla bu-og arbeidsmarknadsregion
• at Gloppen, som vertskommune, har god dialog med SFE for å halde oppe viktige kompetansearbeidsplassar
• at kommunen tidleg i perioden tek stilling til alternative måtar å forvalte kraftressursane på etter at avtalen med SFE går ut
• ikkje auke den kommunale eigedomsskatten, men øyremerke deler av denne skatten årleg til næringsfondet
• at det blir skipa eit eige etablerarfond og at kommunen set av midlar til dette fondet
• at det bør etablerast eit eige styre for desse fonda
• at ein nyttar Trivselshagen til kulturbasert næring t.d. til større arrangement og kongressar
• etablere eit tverrfagleg nettverk mellom kommune, vidaregåande skule, høgskuleutdanninga og private bedrifter/næringsliv som kan gje dei tilsette auka kompetanse, sikre rekrutteringa av fagpersonell og dyktige leiarar og på sikt gje grunnlag for nye arbeidsplassar
• støtte utviklinga av eit meir mangfaldig reiseliv i Gloppen
• støtte utviklinga i landbruksnæringa med utvikling av nisjeprodukt, t.d. gjennom eit samarbeid med Sandane Næringshage
• at kommunen nyttar lokal kompetanse, varer og tenester når desse er konkurransedyktige.

Eit klimavennleg samfunn

Gloppen Venstre vil:
• at omsynet til miljøet skal gjennomsyre all kommunal planlegging og aktivitet
• at Gloppen skal vere ein føregangskommune når det gjeld miljøpolitikk ved at heile den kommunale verksemda får status som miljøfyrtårn i løpet av 4-års perioden
• arbeide for at heile Sandane sentrum får ei universell utforming slik at sentrum kan framstå som grønt, triveleg og lett framkomeleg for alle
• vere ein pådrivar for at strandområdet Øyrane/Utstillingsplassen blir utvikla til eit frilufts-, bade- og parkområde i samarbeid med aktuelle aktørar
• støtte ei framtidig opprusting av Ødvenfjæra slik at den kan bli attraktiv som bade- og friluftsområde
• at det blir etablert ladestasjonar for el-/hybridbilar
• satse sterkare på vedlikehald og ENØK. Det må stillast krav om bruk av vassboren varme i nærings- og offentlege bygg
• leggje vekt på å sikre nærfriluftsområda
• satse sterkare på tiltak som hindrar gjengroing av kulturlandskapet

Samferdsle og trafikktryggleik

Gloppen Venstre vil:
• arbeide for ei gradvis opprusting av Fjellbygdevegen
• arbeide for opprusting av riksveg 615 på strekninga Rygg- Sande og Hyen-Storebru
• at det snarast må utarbeidast ein vedlikehaldsplan for kommunale vegar med prioritering av tiltak
• arbeide for at Sandane Lufthamn får flyavgangar som imøtekjem behovet i regionan
• arbeide for å få to ferjer som trafikkerer Anda-Lote
• at framtidig E-39 må følgje vedteken trasé med bru frå Anda til Lote

Bustads- og tomtespørsmål

Gloppen Venstre vil:
• at ein til ei kvar tid skal ha ledige byggetomter i alle deler av kommunen
• at det vert bygt fleire bustader og husvære i sentrum, gjerne kombinert med forretningsbygg
• legge meir vekt på estetiske omsyn i regulerings- og byggesaker

Ein skule for kunnskap og like moglegheiter

Gloppen Venstre vil:
• ha meir fokus på læringsmiljø og kvalitet i grunnskule, kulturskule og barnehage
• styrke lærarkompetansen gjennom sterkare satsing på vidareutdanning og innføre ei kommunal stipend-ordning for lærarar
• ha eit godt samarbeid mellom kommunen og Firda vidaregåande for å nytte den kompetansen skulen har og for å sikre Firda eit breiast mogeleg opplæringstilbod
• at kompetansen i Gloppen Opplæringssenter blir integrert i dei andre skulane i kommunen for betre norsk-opplæring for innvandrarane og auka forståing og samhandling mellom ulike kulturar
• arbeide for at høgskuleutdanninga på Sandane får tilført fleire utdanningsløp

Kultur

Gloppen Venstre vil:
• fylle Trivselshagen med meiningsfylte aktivitetar. Sikre gode vikår for frivillige idretts- og kulturaktivitetar i Trivselshagen
• stø planane om full utbygging av Sandane Idrettspark på Myklebustflata. Kommunen må delta i finansieringa slik at heile anlegget kan fullførast
• legge forholda til rette for ei god drift av Nordfjord Folkemuseum
• gje barn og ungdom gode fritidstilbod
• gje dei frivillige organisasjonane gode arbeidsvilkår. Stimulere desse til aktivt å ta del i integreringa av våre nye landsmenn

Ei røyst til Venstre er ditt ja til ein aktiv miljø- og næringspolitikk, slik at Gloppen framleis kan vere ein god kommune å bu i.

VALET ER DITT – RØYST VENSTRE

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**