REDUSERT FARTSGRENSE FORBI OSE SENTRUM

Riksveg 9 forbi Ose har fartsgrense 80 km/t. Dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar, og innbyggarane i lokalmiljøet går i stadig uro for at alvorlege ulykker skal skje. Særleg er ein bekymra for borna som ikkje har andre alternativ som gåande eller syklande trafikantar, skriv Torhild Austad, Venstres andrekandidat på felkelslista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det er difor eit sterkt ynskje i lokalmiljøet om å få denne fartsgrensa redusert til 60 km/t frå Reiårfossen Camp i sør til nordenden av Ose.
Det er mange vektige argument for å senke fartsgrensa på denne strekninga, noko ein håpar ansvarlege samferdselsmyndigheiter vil gå inn og vurdere:

Ose Turistheim

Foto: Jan Kløvstad

Riksveg 9 er rettnok lagt utanom sjølve Ose sentrum. Det er likevel slik at det er busetnad på begge sider av vegen, og frå to av husa på nedsida av vegen går til/avkøyrsla rett ut i hovudvegen. Frå det eine huset er sikten svært dårleg pga sving rett nord for huset.
Hovudvegen blir og ofte kryssa av gåande trafikantar som har parkert båtane sine nede ved elva — dette gjeld både turistar frå Reiårfossen Camp og bygdefolk frå austsida.
Hovudvegen har av/påkøyrsle rett ved Coopbutikken på Ose og bensinutsalg. Når ein ser på dei andre butikkane som ligg rett ved vegen i Setesdal, har alle slike av/påkøyrsler nedsett fart ( Bygland, Grendi, Byglandsfjord, Rysstad )
Hyttefeltet på Reiårsvatnet blir stadig større. Av/påkøyrsla til dette ligg nettopp i Ose sentrum, og det betyr stor auke av bilar som skal av og på hovudvegen.
Fartsgrensa bør setjast ned frå Reiårfossen Camp då det på denne strekninga ( ca 1 km ) særleg i sommarhalvåret er stor trafikk av gåande som kryssar vegen for å nyte synet av Reiårsfossen eller ta seg ein tur til Ose sentrum.
Dampbåten Bjoren har i sommarsesongen faste turar opp til Ose. Båten legg til ute ved Ose bru. Det betyr at 40-50 menneske samtidig vandrar denne strekninga på veg til sentrum, noko som ofte er ein del av turistopplegget.
På strekninga Ose bru — Ose sentrum er det 4 busstopp, 2 nordover og 2 sørover. Alle desse går rett ut i hovudvegen, og mange fryktar forbikøyringar i desse situasjonane, det gjeld særleg når barn er busspassasjerar — noko dei ofte er, på veg til og frå ulike aktivitetar på Bygland.
Det mest alvorlege er kanskje born som trafikantar på strekninga Ose bru — Ose sentrum. Dei går / syklar rett ut i riksveg 9 og blir nøydde til å krysse vegen for å kome seg inn til sentrum. Det er eit under at dette har gått bra til no!!!! Truleg betyr det mykje meir køyring til og frå aktivitetar enn nødvendig av bekymra foreldre.
Også for køyrande trafikantar er denne av/påkøyrsla eit svært farleg punkt. Det er ei svak helling opp mot hovudvegen, og mislykka bakkestart med den forvirringa det fører til er ingen trygg situasjon i ei 80 km-sone. Vegen på austsida er dessutan gjennomgangsveg mellom Åraksbøkrysset og Straume. Mange brukar denne vegen for å unngå bompengar ved Besteland. Det betyr at mange nyttar høvet til å køyre på/av riksvegen nettopp ved Ose bru.

Ein annan grunn, som ikkje vedkjem dei trafikale forholda, er ynskjet om at flest muleg turistar skal stoppe ved Ose, der både Storstoga, Ose Ullvare og Turistheimen er flotte kulturelle attraksjonar.

Eg meiner alle desse argumenta er vektige grunnar for å redusere farten på denne strekninga, og eg bed dei rette instansane om ei heilskapleg vurdering av situasjonen.

Austad 15.08.11
Torhild Austad , Bygland Venstre / Høgre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**