Flest kvinner på Venstre-lista

Venstre er det partiet i Fjaler som kan skilte med flest kvinner på lista til årets kommuneval. I alt er 13 kvinner nominerte på Venstre si liste. For dei som er opptekne av å få til auka kvinnerepresentasjonen i kommunestyret, bør såleis Venstre-lista vere eit godt alternativ når det endelege valet skal gjerast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Ei av kvinnene på Venstre-lista, Marit Mjellem

Ei av kvinnene på Venstre-lista, Marit Mjellem
Foto: HK

Nest flest kvinner finn vi på Krf si liste med 9 nominerte. Ap har 8 kvinner, og Sosialistisk Venstreparti 7, mens Senterpartiet har 6 kvinner på lista. Dårlegast ut kjem Høgre med berre 4 kvinner. Høgre er derimot det einaste partiet i Fjaler med ei kvinne øvst på lista.

Blomstertorget

Foto: HK

Dersom vi tar føre oss den prosentvise kjønnsfordelinga, er det SV og Krf som kjem best ut — begge partia med 50% kvinner på lista. Venstre kjem like bak med 45% kvinner. Ap har 36% og Sp 28% Også her kjem Høgre dårlegast ut med berre 21% kvinner på lista. Det er såleis fleire parti i Fjaler som ved årets val ikkje oppfyller målsettinga om ei kjønnskvotering på 40/60 ved nominering av kandidatar.

I det noverande kommunestyret finn vi 7 kvinner — av i alt 23 representantar. Dette gir ei kjønnsfordeling på 30% kvinner og 70% menn. Her kjem Arbeidarpartiet klart best ut med heile 5 kvinner i kommunestyregruppa. SV og Venstre har ei kvinne kvar i kommunestyret, mens det verken frå Høgre, Krf eller Sp vart vald kvinner som faste representantar i kommunestyret ved valet i 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**