Ein betre skule for kunnskap og kreativitet

Radøy Venstre vil ha ein betre skule for kunnskap og kreativitet, og vil difor fokusere på
innhaldet i skulen. Inntil kommunen fekk på plass ei kvalitetsmelding for Radøy-skulen i år,
har dette lenge vore eit forsømt område. Dette er flott, men det betyr ikkje at ein kan kvile
på laurbæra. For Venstre er det viktig å stadig arbeide for ein betre skule, og det er framleis
mykje å gripe fatt i, skriv Radøy Venstre sin ordførarkandidat Frode Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


For det fyrste står Radøy kommune i dag utanfor den nasjonale satsinga på vidareutdanning
av lærarar, fordi ein ikkje har prioritert å stille med ein eigenandel som utløyser
statlege kompetanseutviklingsmidlar. Radøy Venstre vil ta dette opp i samband med
budsjetthandsaming i komande periode. Dette fordi lærarane er skulen sin viktigaste ressurs.
Dess betre lærarane er, dess betre undervisning får ein. Vidareutdanning gjer fagleg påfyll og
fordjuping, noko som igjen gir betre undervisning. Ved å satse på lærarane satsar ein såleis på
elevane. Dette er eit viktig satsingsområde for Venstre, og me vil foreslå at det vert utarbeidd
ein kompetanseutviklingsplan for Radøy-skulen.

For det andre må basisferdigheitene i lesing, skriving og rekning følgjast opp i det vidare
kvalitetsutviklingsarbeidet. I kvalitetsmeldinga legg ein vekt på dei nasjonale prøvane, og det
er vel og bra, men dei har sine svake sider og bør utfyllast med andre vurderingar. Spesielt vil
Radøy Venstre foreslå å nytte diagnostiserande leseprøvar, som andre kommunar nyttar i si
kvalitetsutvikling. Desse viser kor stor prosentdel av elevane som er i ei kritisk sone når det
gjeld leseferdigheit, altså kor stor prosentdel av elevane som faktisk ikkje kan lese skikkeleg.
No vektlegg ein lesing som eit satsingsområde i kvalitetsmeldinga, og det vert spennande å sjå
utviklinga når ein fokuserer på eit viktig felt i skulen.

For det tredje meiner Radøy Venstre at leksehjelpordninga må evaluerast, fordi
tilbakemeldingar frå foreldre tyder på at ordninga ikkje fungerer spesielt godt. Evalueringar
av den lovfesta leksehjelpordninga i fleire andre kommunar viser også at den på 1.-4.
årstrinn ikkje fungerer i tråd med intensjonen om sosial utjamning og betre faglege resultat.
Skuleforsking viser at det er to ting som er særleg viktig for å sikre sosial utjamning og auka
læring i skolen, nemleg gode lærarar og betre kontakt mellom lærarane og heimen. Slik
leksehjelpordninga er innretta i dag svekker ein begge deler. Når ufaglærte skal gi leksehjelp
betyr det at ufaglærte tar over rolla til både læraren og foreldra, og det svekker skulen.

Det mest sentrale satsingsområdet i den gjeldande kvalitetsmeldinga er fokuset på tidleg
innsats, fordi det er utruleg kva ein kan utrette om ein grip tak i problema til elevane i ein
tidleg fase. Konseptet for dette kan føre til auka mestring og inkludering i skulen, og til at
færre fell utanfor og hamnar på skråplanet. I kombinasjon med MOT-satsinga er dette veldig
bra. Radøy Venstre ser fram til å følgje dette vidare, og er oppteken av at me skal lukkast i
kommunen vår med skulen. Difor vil me fokusere på innhaldet i skulen under mottoet: Ein
betre skule for kunnskap og kreativitet.

Frode Hervik,

Radøy Venstre sin ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**