Skulestrukturen i Naustdal

På Firda sine valsider utfordrar ordførarkandidat Øystein Djupvik skreve eit innlegg dei andre partia i kommunen til å stå fram med kva dei eigentleg meiner om skulestrukturen. Nedanfor kan du lese innlegget frå Naustdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Naustdal Venstre ønskjer opne politiske prosessar og ein forutsigbar lokalpolitikk. Vi meinar at veljarane fortener å vite standpunktet til dei ulike partia i viktige saker.

Vi vil derfor opne valkampen med ei av kjernesakene til Venstre, nemlig skulepolitikk.

Vi vil utfordre dei andre politiske partia på kva dei meiner om korleis framtida sitt skuletilbod i Naustdal skal sjå ut. Sjølv om dette har vore eit tema i minst ein mannsalder, har det vore uråd å vite kva mange av partia i Naustdal meinar om dette viktige temaet, før sakene kjem opp til votering i kommunestyret.

Alle ønskjer sjølvsagt det aller beste pedagogiske tilbodet for borna sine. Best mogleg kvalitet i undervisninga krev også eit stort, robust og engasjert fagmiljø, og då tenkjer vi ikkje berre for pedagogar, men også for andre yrkesgrupper som er inne i skulen, til dømes skulehelestjenesta.

Naustdal Venstre er tydelige i sitt valprogram på at vi vil arbeide for:
– Utbygging av Naustdal Barne- og Ungdomsskule til 400 elevar
– Påfølgjande nedlegging av Dalen skule
– Felles grendaskule for Vevring, Standal og Stavang lokalisert i dei nyoppussa lokala i Vevring
– Styrking av skulehelsetjenesta

Ettertida har vist at det har vore gjort dyre feilinvesteringar i skulebygg og som gjer at vi i dag har ein tungdreven skulestruktur. Dette er ei tung belastning for ein svak kommuneøkonomi og til hinder for framtidsretta investeringar.

Vårt forslag til framtidig skulestruktur vil vere ei framtidsretta løysing økonomisk, men aller viktigast er det ei framtidsretta løysing fagleg og sosialt for elevane.

Kva er standpunktet til dei andre partia i spørsmålet om framtidig skulestruktur i Naustdal? Vil dei gje veljarane sine eit klart svar i dette spørsmålet?

For styret i Naustdal Venstre

Øystein Djupvik, ordførarkandidat
Runar T. Hovland, 2. kandidat
Øystein Garfors, 4. kandidat

Innlegget finn du her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**