Vinje Venstre kommunevalprogram 2011-2015

Venstre vil ha liv og utvikling i alle grendene. Suksess på ein stad er godt for heile kommunen. Vinje Venstre – lite men godt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Økonomiske midlar og dei tilsette i kommunen er dei viktigaste
ressursane kommunestyret er herre over. Venstre vil i perioden gå inn for å bruke pengar og
personalressursar til også å fremje tiltak som ikkje er lovpålagt:
 Satsing på infrastruktur (veg, trygg skuleveg, breiband)
 Satsing på landbruk (verdiskaping og landskapspleie)
 Utvida og meir strategisk bruk av friviljug sektor
 Styrke arbeidet med kunst og kultur
 Seier ja til busetjing av flyktningar og auka arbeidsinnvandring

Venstre vil utnytte økonomiske og kvalitative fordelar med interkommunalt samarbeid.
Venstre går inn for samarbeid om felles miljøvernstrategi i Vest‐Telemark.

Venstre vil arbeide for eit klarare skilje mellom administrativt og politisk arbeid og ansvar.
Vinje Venstre vil arbeide for å skape eit positivt og utviklingsretta arbeidsmiljø i
kommunestyret.
Vinje Venstre skal vere rause med andre sine gode idéar!

Kultur.
 Vinje kommune skal også i framtida ha kultur som satsingsområde.
 Vi vil legge til rette for å styrke rekruttering av kunstnarar og
kunsthandverkarar t.d. gjennom stipendordningar.
 Kulturskulen må styrkast og andre kunstuttrykk må finne sin
plass saman med musikk.
 Vinje Venstre vil styrke det friviljuge arbeidet i alle delar av
kommunen gjennom strategisk samarbeid med lag og organisasjonar.
 Vinje kommune er full av kulturminner, og Vinje venstre vil at det skal lagast
ein eigen plan for vern av desse.

Skule og oppvekst.
 Venstre vil prioritere skulane og sikre nok ressursar til at dei kan gje
undervisning tilpassa den einskilde sine føresetnader, slik lova krev.
 Venstre går inn for fritt skuleval — og er villig til å ta eventuelle
konsekvensar dette kan få for skulestrukturen.
 Kommunen må ta eit ansvar for at eigen organisasjon tilbyr
lærlingeplassar og stimulere næringslivet til det same.
 Sikre og gode leikemiljø, ballplassar og badeplassar er viktig for barn og
ungdom. Dette må sikrast i alle delar av kommunen.

Helse og omsorg.
 Ei stor og viktig kommunal oppgåve er å sikre gode helsetenester og omsorg
for alle i bygda. Brukarane sine behov skal stå i sentrum.
 Samhandlingsreforma kjem til å gi nye utfordringar til alt helsepersonell i
kommunen. Vinje Venstre vil møte dette med auka fokus på kompetanse.
 Vinje kommune må ta initiativ til å få etablert base for ambulansehelikopter i
kommunen og raskt få utgreidd saka i samarbeid med Norsk Luftambulanse.

Miljø.
 Miljøutfordringane stiller krav til kommunane. Venstre går inn for
samarbeid om felles miljøvernstrategi i Vest‐Telemark.
 Venstre vil vere positiv til miljøvennleg utbygging av småkraftverk.
 Venstre ser det som eit problem at vi subsidierer energisløsing i
delar av fritidsmarknaden. Dette vil vi arbeide for å endre på.

Næringsliv jordbruk.
 Venstre vil ha jordbruk som eit satsingsområde. Jordbruket treng drahjelp
og vi treng fleire beitedyr for å halde eit ope landskap både for eigen
trivsel og for tilreisande. Lokalt må vi fagleg og økonomisk stø opp om
tiltak som direkte eller indirekte fremjar dette føremålet.
 I dei største grendene i kommunen må det finnast næringsareal (tomter)
for dei som vil etablere næringsverksemd.

Infrastruktur.
 Vinje Venstre vil ha fortgang i nybygging og vedlikehald av E 134 og
fylkesvegane. Dei årlege løyvingane frå stat og fylkeskommune er ikkje nok,
og Vinje kommune må søke samarbeid med andre for å få
fortgang i arbeidet med m.a. løyvingar til vegane. Vinje
Venstre er open for bruk av kommunale midlar til
delfinansiering av slike tiltak. Det same gjeld bruk av
kommunale midlar til trafikktryggleik, spesielt gang‐
/sykkelvegar dei mest utsette plassane.
 Kommunen må sikre at alle delar av kommunen får del i breiband via fiber, med
raskare utfasing av ADSL via dei gamle koparkablane. Utbygging av breiband,
må, om nødvendig, skje med bruk av kommunale pengar.
 Haukelibanen er den framtidige "Ekspressvegen" mellom Bergen og Oslo,
som utløyser nye impulsar for arbeid, næringsliv og kultur. Kommunen må
halde fram med aktiv innsats for Haukelibanen.

Grendene og kommunesenteret.
 Venstre ynskjer å utvikle levande grender der folk høyrer til, verkar og trivs. Heile
kommunen må brukast.
 Eit kommunesenter treng rom og gode rammevilkår for å utvikle seg. Betre fysisk
tilrettelegging og kommunikasjonsløysing må planleggjast for heile sentrum, slik at det blir
plass både til eit breiare vare og tenestetilbod og eit godt bumiljø.
 Estetikk skal vere eit berande element i utvikling av tettstadene.

Venstre er eit liberalt parti, ubunde av sosiale klasser og særinteresser.
Målet for liberalismen er å skape eit samfunn med frie menneske.
Fridommen heng nøye saman med ansvar som den einskilde har både for seg sjølv og for samfunnet.
Dei som av ulike grunnar ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få den hjelpa dei treng til å leve eit verdig liv.
Venstre vil at alle som bur i Vinje, skal kjenne at dei høyrer til eit fellesskap, der dei saman med andre kan finne og forme sin eigen veg til eit godt liv.
Vinje skal ha levande bygdesamfunn som er opne for mangfald og med rom for personleg fridom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**