Liv Ulvøy kjenner folk og forhold i kommunen, gjennom arbeid, politikk og ein kjempeinnsats for ungdom.
Eg er glad i sambygdingane mine, eg er glad i kommunen vår og eg vil kjempe for at her skal vere godt å bu. Derfor vil eg gjere alt eg kan for å trygge dei arbeidsplassane vi har, og hjelpe fram dei som vil skape nye. God kommunal service og næringsareal er to konkrete saker.
Miljøet vi lever i, lufta vi pustar i og maten vi et er grunnlaget for helse og trivsel. Venstre er på parti med naturen og framtida. Våre barn og barnebarn skal vekse opp med rein luft og rein sjø. Her må vi vere vakne for miljøfarane i nærmiljøet vårt.
Eg vil konkret kjempe for ei styrking av Austrheim vidaregåande skule, med musikk og havsportliner. Eg meiner og at vi bør samle alle ungdomsskuleelevane på ein plass, men halde på to barneskular.
Eg vil at kommunen skal legge forholda til rette slik at vi alle kan engasjere oss for å utvikle bygdelag og kommune. Ver med oss du og. Vi må ta vare på kvarandre!