Torunn Helland Karlsen er født i 1946, og er utdanna sosionom, har mellom anna vore sosial/barnevernsleiar i kommunen i 10 år. NAV-tilsett sidan 2007.
Politikarane i kommunen må sørge for at velferdsgoda kjem fram til dei som treng det mest. Dei som har oppgåver i det kommunale systemet må møte alle menneske, barn, unge og eldre, med respekt, helst også med eit smil.
Det er ikkje ein sjukdom å bli gammal, og eldre er like forskjellige som yngre årgangar. Dette må vi ta omsyn til når vi utformer helse- og sosialtenestene for eldre. Vi må heller ikkje gløyme at mange seniorar både kan og vil bidra i lokalsamfunnet. Men når vi blir hjelpetrengande, må kommunen ha eit trygt og godt tilbod med servicebustadar og nok sjukeheimsplassar.