Svar til FRP: Venstre og Stord Sjukehus

I vekene før 22. Juli hadde me ein gåande debatt i avisene om Stord Sjukehus. Den 18. Juli skreiv FRPs Sigbjørn Frames at dei (og krf) også støtta sjukehusreforma. Venstres svar blei sendt inn 21. Juli, men pga den politiske pausen etter terroråtaka utsatte ein den vidare diskusjonen. Idag 16. August kom svaret på trykk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre og Stord sjukehus

Baby

■■ Venstre er opptekne av ein ny og betre kurs for Stord sjukehus. I møte i fylkesutvalet 7. juni fremja Venstre-representant Harald Hove følgjande forslag: «Fylkesutvalet oppmodar Helse Vest til å greie ut om ein må endre inndelinga i helse- føretaket slik at det vert eit eige Helse Hordaland der lokalsjuke- husa i Odda og på Stord vert ein del av same føretak som Haukeland Universitetssjukehus.»

Dette forslaget fekk berre Venstre sine røyster. Alle dei andre partia røysta mot — sjølv om Sig- bjørn Framnes insisterer på at både FrP og KrF støttar Venstres syn i denne saka.

For å sikra ei levedyktig framtid for lokalsjukehuset vårt, må me samarbeida. Det betyr at me må støtta alle gode forslag som kjem fram i denne saka, uansett partifargen til dei som fremjar for- slaget. Me er glade for at FrP og KrF deler våre intensjonar, og håper at dei i framtida også vil stå saman med oss for å få intensjonane ut i livet.

Helsing Geir Angeltveit
og oss i Stord Venstre.

På trykk i Sunnhordland papiravis, 16. August.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**