Klar til innsats for Venstre

– Det er både nytt og spennande å stå på liste og drive valkamp for Venstre. Oppgåva vår blir i første rekke å motivere ungdom og førstegangsveljarar i Fjaler til å bruke røysteretten — og få flest mogeleg til å stemme på Venstre ved haustens kommuneval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Christoffer Stølen

Christoffer Stølen
Foto: HK

Dette seier Christoffer Stølen (22), Ramn Erstad (18) og Martin Christiansen (20) — tre spente og optimistiske ungdomskandidatar for Venstre i Fjaler ved årets kommuneval.

Christoffer kjem frå Hellevik, og studerer for tida sosiologi ved universitetet i Bergen.
– Men eg er glad i Fjaler og reiser heim så ofte eg har anledning til det. Eg håper å kunne finne ein høveleg jobb og flytte attende til Sunnfjord på permanent basis når eg er ferdig med utdanninga, fortel Christoffer.
Han legg til at det er viktig å halde fram den positive utviklinga som har vore i Fjaler siste åra med Haugland, Elis, Transplant, Lutelandet, betre kommunikasjonar osb.

Ordførar

– Skal Fjaler-ungdommen vende heim etter avslutta utdanning, er det heilt avgjerande at det finst interessante jobbar både for kvinner og menn. Det må dessutan leggast til rette for bustadbygging og utleigebustader, eit tenleg barnehage- og skuletilbod i heile kommunen, og eit godt og variert kulturtilbod, seier Christoffer.
Han har allereie fått mykje erfaring i det å vere aktiv i styre og stell. I fleire år var han nemleg medlem, og eitt år også ordførar, i ungdommens kommunestyre i Fjaler.
Christoffer fortel at han valde Venstre på grunn av partiets liberale ideologi, og at det var mange flinke tillitsvalde i lokallaget i Fjaler.

Dale vid. skule er viktig

UNgdommar sitjande

Ramn bur i Folkestadbygd og skal i haust ta til på siste året ved Dale vidaregåande skule.
– Den viktigaste saka for meg er å kunne oppretthalde eit godt vidaregåande utdanningstilbod i Dale, gjerne med etablering av ei fylkesdekkande linje. Det ville styrke skulen. Her må alle partia i Fjaler stå på over for fylkespolitikarane. Skulen er den einaste i sitt slag i Hafs-regionen, og alternativet er at ungdommen herifrå må flytte vekk på hybel.
Ramn er i dag medlem i ungdommens kommunestyre og ein av dei yngste kandidatane i Fjaler til årets kommuneval. Han har vakse opp i ein politisk engasjert heim – der mor Anne har tolv år bak seg i formannskap og kommunestyre.
– Eg er nok ein del påverka heimanfrå til å aktivisere meg i samfunnsspørsmål, men val av parti har eg sjølvsagt tatt heilt og fullt på eiga hand, seier Ramn — som legg til at han gjerne kan tenkje seg eit aktivt spinning-miljø i ytre Fjaler – enten på Hellevik eller i Våge.


Godt fritids- og kulturtilbod

Martin Mjellem Christiansen bur i Dale, men har nett starta på 12-månaders militærteneste. For tida går han rekruttskulen på Madla ved Stavanger. Han er heilt på linje med Ramn når det gjeld Dale vidaregåande skule.
Martin er også opptatt av at ungdommen i Fjaler skal ha eit skikkeleg fritids- og kulturtilbod som idretts- og musikkaktivitetar, kulturskule, kino m.m.
– Og så håper eg at barn og ungdom i Dale får tilbake ute-volleyballbana på Øyra når NCC er ferdig med oppdraget sitt med Dalsfjordbandet. Denne bana har vore populær og mykje brukt, seier Martin som etter å ha kika litt i dei ulike partiprogramma, valde Venstre.
– Eg fann ut at Venstre er det partiet som står nærast mitt syn på politikk og samfunn. Dermed sa eg også ja til til å vere listekandidat, fortel Martin og smiler lurt.

Glade og stolte

Og ein ting er iallfall Christoffer, Ramn og Martin samde om: Etter dei forferdelege og djupt tragiske hendingane i Oslo og på Utøya i sommar, er dei både glade og stolte over å ha sagt ja til å stå på ei valliste og kunne vere lokale ungdomskandidatar ved årets kommuneval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**