Eige utval for oppvekst og levekår

Sjukepleiarforbundet sitt møte med dei politiske partia før sommaren syner at det må byggjast ny sjukeheim på Finnøy no, og at rekrutteringa til omsorgssektoren må sikrast. Venstre vil ha eige utval for oppvekst og levekår for å sikre fokus på området.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gro Skartveit, Finnøy, Rogaland

Foto: Tone Staven

Gro Skartveit skreiv dette brevet til sjukepleiarforbundet etter møtet:

TAKK TIL SJUKEPLEIARFORBUNDET!

23. mai inviterte sjukepleiarforbundet i Finnøy dei politiske partia til debatt, eit møte som vart omtala i Øyposten. Eg vil med dette rette ei stor takk til sjukepleiarforbundet som med dette gav oss nyttig informasjon og sette eit svært viktig tema på dagsorden!

Venstre meiner situasjonen i helse- og omsorgssektoren må setjast tydeligare på den politiske dagsordenen. Slik eg har oppfatta det går alle parti for å byggje ny sjukeheim på Finnøy. Dette er viktig! Men me må utan tvil gjere fleire større grep enn å byggje ein ny sjukeheim. Utfordringane me har er mange! Nokre av dei er at kommunen manglar sjukepleiarar, overbelegget på sjukeheimen er 22%, og rekrutteringsplan for sjukepleiarar er ikkje framme. Helsesøsterdekninga i kommunen vår er òg vesentleg lågare enn i andre kommunar. I tillegg skal delar av samhandlingsreforma tre i kraft frå januar 2012., noko som vil føre til store utfordringar og endringar i tenestetilbodet.

Venstre meiner ein i alle samanhengar skal setje "folk fyrst", noko som vil seie at dersom systema me har ikkje er tenelege for innbyggjarane i kommunen vår så må systema endrast. I dag har ikkje Finnøy eit politisk utval som har ansvar for oppvekst og levekår, sjølv om 85% av budsjetter går til å dekkje desse tenestene. Dei fleste andre kommunane i fylket vårt har eit utval som dette. Venstre vil difor at det skal opprettast eit slikt utval etter valet til hausten. Me meiner det er veldig viktig å ha større politisk fokus på dette område. Motet sjukepleiarforbundet arrangerte og informasjonen dei gav der understrekar at det er behov for større fokus både på tilsette, pasientar og dei pårørande sin situasjon.

I tillegg skal dette utvalet ha fokus på alle tilbod som kommunen gjev både innan oppvekst og levekår. Finnøy kommune må ikkje bli så effektivisert at me gløymer å sjå dei som treng det mest. Og me skal alltid vere villig til å endre systema me har dersom det kan føre til at me set folk fyrst!

Utfordringane til kommunen vår vert større og større innan helse og omsorg, difor er tida no inne for å gjere grep slik at me står best mogleg rusta til å møte både samhandlingsreforma og dei utfordringane som kom fram på møtet sjukepleiarforbundet arrangerte. Sjølv om Finnøy har dårlig økonomi kostar det ikkje alltid pengar å sjå folk. Venstre garanterer at me vil ha mykje fokus på dette særs viktige området i komande periode. Og me vert overraska dersom dei andre partia ikkje ynskjer å støtte forslaget om eige utval for oppvekst og levekår.

Gro Skartveit
Ordførarkanditat, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**