Valkampen er i gang

Alle fylkespartia hadde felles valkampopning i dag for pressa. Alle fylkesordførarkandidatane som var tilstades hadde fått tildelt 3 minutt taletid for å presentere viktige saker. Marit Barsnes Krogsæter sin appell kan du lese her, eller sjå video-opptak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Fylkesordførarkandidat Marit Barsnes Krogsæter

Fylkesordførarkandidat Marit Barsnes Krogsæter

“Å være liberal inneber ei sterk tru på menneska sine skaparevne, kreativitet og ansvarsfølelse. Venstre set enkelt mennesket i sentrum; ikkje grupper. Difor har Venstre denne valkampen slagordet

"FOLK FØRST".

Alle menneske er likeverdige men ingen er like.

Venstre er eit sosialliberalt parti, det vil seie at vi trur at alle menneske veit best kva som passer for dei, men at vi tek vare på dei som treng vår hjelp. Mest til dei som treng det mest.

For eksempel er alle ungdomar ulike og dei treng ulike vegar for å nå utdanningsmåla sine og til å finne sin plass i samfunnet.

Sogn og Fjordane treng ny vekst, derfor treng vi ein ny samferdselpolitikk som gir vekst og utvikling.
Vi treng ein ny næringspolitikk der gründerar og småbedrifter blir teke meir vare på.

Venstre synest og at vi må sjå samanhengar i politikken;

Det at vi legg til rette for at flest mogeleg ungdomar kan bu heime medan dei går på vidaregåandeskule gjer at desse knyter band til nærmiljøet som kanskje gjer det lettare for dei og flytte heim til fylket etter avslutta utdanning.

Vi må også sjå næringsutvikling og samferdsel i samanheng. Mangel på veg, dårlege vegar og mangel på samanhengande kollektiv tilbod er ei av dei største utfordringane for næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Sist men ikkje minst, det å ha ei forvaltning som tek vare på miljøet og ha ei berekraftig utvikling av fylket er svært viktig for oss.

Eit liberalt samfunn er i stadig utvikling og politisk makta skal komme nedanfrå – FOLK FØRST!”

Video Marit Barsnes Krogsæter

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**