Fylkeslaget vil arrangere regionale samlingar der toppkandidatar og lokallagsleiarar vert invitert for å ta i mot lokallaget sine fylkesbrosjyrer og valsetlane. Toppkandidatar frå fylket vil vere representerte på alle samlingane slik at det vert høve for å disktutere valkampen i Venstre. Det er ein fordel om lokallaga kan stille med ordførarkandidaten sin og gjerne leiaren. Alle lokallag må uansett møte for å få det nødvendige materiellet utdelt.
NORDFJORD – TYSDAG 16. AUGUST KL 1800 PÅ NORDFJORDEID – Bryggen hotell
SUNNFJORD – ONSDAG 17. AUGUST kl. 1800 I FØRDE – Rica Sunnfjord Hotell
SOGN – TORSDAG 18. AUGUST KL. 1800 I SOGNDAL – Quality Hotel Sogndal