Møre og Romsdal Venstre på besøk i Giske kommune

Valkampstarten for Møre og Romsdal Venstre starta mandag 15.august, og med Gunn Berit Gjerde i spissen kom dei seks første på lista på besøk til Sunnmøre og Giske.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Britt Giske Andersen frå Giske står på 6.plass på Fylkestingslista, og ho var med dei andre listetoppane på besøk i dei tre største byane i fylket. Turen starta på Averøy, vidare til Kristiansund, om Molde og Ålesund og til slutt til Giske kommune.

I Giske vart tidlegare leiar for Samferdselskommitèen Iver Nordset intervjua av lokal og regional presse om ståa for Godøytunnelen. Vi I Giske veit at sikkerheita i tunnelen er uforsvarleg lav, og håpet er at eit naudsamband kjem på plass snarast råd. Tunnelen er dessutan alt for dårleg opplyst og den lek som ei sil.

Godøytunnellen

Foto: Britt Nikolaisen

Det var i si tid Iver Nordset frå Venstre som fekk igjennom finansieringa av Alnestunnelen i rekordfart, og tunelen sikra Alnes både som trygg plass å bu og som turistattraksjon. Møre og Romsdal Venstre vil i neste periode arbeide for at Godøytunnelen skal oppgraderast til forsvarleg standard.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**