Minnemarkering

Det politiske Haram starta valkampen med ei felles markering laurdag 13. august i Brattvåg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Roser

Roser
Foto: Kristian Stråmyr

Etter at ordførar Bjørn Sandnes opna arrangementet haldt Kari-Elin Korsnes Hildre ein minnetale på vegne av alle dei listeførte politiske partia i Haram. Etterpå var det ope for partia å halde ein tre minutt lang appell om kva dei stend for.

Åge Vikestrand (Krf)

Åge Vikestrand (Krf)
Foto: Kristian Stråmyr

Venstre sin listetopp Ole Johan Høyberg understreka i sin appell viktigheita av å ha fridom under ansvar.

Det som har hendt er at vi nordmenn no meir enn nokon gong er innstilt på å leve våre liv i fridom i eit ope og liberalt demokrati, sa han.

“Klem ein politikar”
Bodskapen til Trond Seth (A) om å klemme ein politikar falt seinare i god jord blant tilhøyrarane. Mot slutten var det ein konsert der fleire talentfulle ungdomar ifrå nærmiljøet stilte opp. Det heile vart avrunda av Nordahl Grieg sin song “Til Ungdommen”.

Møte med veljarar

Møte med veljarar

Politikarane kunne fritt tale til veljarane, og dele ut valprogram etterpå. Dette markerte fellesstarten på valkampen i Haram Kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**