Ungdomskandidaten Line heldt Venstre sin appell

Laurdag hadde alle partia fellesmarkering av valkampstarten i Askvoll. I nydeleg solskin spelte Bahram Heydarov nydelege tonar med trompet og alle parti heldt appellar. For Venstre var det ungdomskandidat Line Rotihaug som heldt appell.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Ungdomskandidat Line Rotihaug

Ungdomskandidat Line Rotihaug

Her er appellen ho heldt:

Bahram Heydarov

Bahram Heydarov

«Kjære frammøtte.

Den 22 juli tok mange uskuldige liv brått slutt.

Mange mista livet sitt gjennom sin jobb for demokratiet vårt,
og i tillegg skjedde tragedien på Utøya der mange unge fekk sine liv avslutta. Dei som overlevde er merka for livet av hendingane på Utøya.

Ein nasjon har i ettertid vore prega av sjokk og sorg.
Dette var handlingar utført av ein einkeltperson, og representerer eit tankesett vi må ta sterk avstand frå.

 Tilhøyrarar samla seg ved Coop og banken i Askvoll

Tilhøyrarar samla seg ved Coop og banken i Askvoll

Den beste måten vi kan motverke slike haldningar og handlingar er å slå ring om demokratiet og kvarandre. Vi må ikkje la redsle og frykt ta bustad i oss.

valkamp tilhøyrarar

La tida framover verte prega av omtanke for medmenneska våre, og deltaking i utviklinga av demokratiet vårt.

Eg vil avslutte med det sterke sitatet som har vorte brukt av mange i ettertid.

– Når ein person kan vise så mykje hat, tenk kor mykje kjærlighet vi alle kan vise.»

Under fellesmarkeringa var kondolanseprotokollen henta frå Rådhuset som tilhøyrarar skreiv si helsing i.

Partia er no klar til valkamp, og det vert stand dei tre siste helgane før valdagen og paneldebatten vert 31. august i Askvoll samfunnshus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**