Imponerande sykkelplan

– Eg er imponert over det arbeidet som er gjort med sykkelplanen for Arendal. Målsettinga om å auke bruken av sykkel frå 5 til 10% av trafikken i kommunen er god, dei konkrete forslaga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


om nye gang- og sykkelvegar er gode, målet om at over 85% av ungane skal få trygge skolevegar er viktig, sa Jan Kløvstad, Venstre, i planutvalet.

Fred Engesæth med sykkel

Fred Engesæth med sykkel
Foto: Jan Kløvstad

Også arbeidet som er kome i gang med sykkelparkering ved busshaldeplassar, som for eksempel i bakken opp frå Hellesvingen oppover mot Statoil lovar godt. Fleire slike sykkelstativ der folk kan låse syklane sine vil kome etter kvart. – Nå må vi bruke planen også i praksis, og kome oss ut på sykkel overalt i kommunen, sa Jan Kløvstad. Og eit einstemmig planutval var samde i at det er laga ein god plan. Les heile planen her, og rull ned til PS 11/112 – det er i dei mange bilaga alle dei gode detaljane ligg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**