Valkampopning for fylkespartia i Sogn og Fjordane

Fylkespartia har hatt møte og her vart det semje om at det vert felles pressemøte med ALLE førstekandidatane til fylkestingsvalet og presse / media måndag 15. august kl. 11:00 på Sunnfjord Hotel. Dette som ei markering på at valkampen har starta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Valg 2011

Kvart parti får 3 minutt til å halde ein appell eller tilsvarande. Det vert ikkje debatt etter appellane, og det vert heller ikkje lagt opp til spørsmål frå media i «plenum». Eg reknar med alle førstekandidatane er tilgjengleg for media etter appellane.

Det vert loddtrekning av rekkefølgja kl. 10:45.

Det vert ikkje høve til å henge opp plakatar el. liknande i møterommet. Kandidatane vert presentert med namn og parti før dei får ordet. Partia har sjølvsagt høve til å ha listekandidatar og andre «i kulissane» / møterommet 🙂

Desse vil delta:
Arbeidarpartiet – Åshild Kjelsnes
Framstegspartiet – Frank Willy Djuvik
Høgre – Noralv Distad
Kristeleg Folkeparti – Trude Brosvik
Kristent Samlingsparti – Mindor Tonheim
Kystpartiet – Kay Lise Leknes Løkeland
Miljøpartiet dei Grønne – Anne Viken
Raudt – Ingunn Kandal
Samfunnsdemokratane – Gunnvor Sunde
Senterpartiet – Jenny Følling
Sosialistisk Venstreparti – Norvall Nøringset
Venstre – Marit Barsnes Krogsæter

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**