Middag med Venstre

Odd Einar Dørum var hjarteleg til stades då Sula Venstre hadde sin første venstremiddag
på Devoldkafeen 9. mars. Sjølv om han kom nærast på impuls og ikkje var annonsert,
fekk han snakke om mange hjertesaker til 15 interesserte frammøtte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fagleg kulde, menneskeleg varme
Mellom mykje anna var han opptatt av at alle politiske dokument skal vere forståelege
for vanlege folk, utan at ein treng å ha fleire års høgare utdanning innan det aktuelle
fagfeltet. Og han snakka varmt om at politikarar skal vere ombodsfolk, som lyttar til og
får kunnskap frå dei som jobbar med, eller som er berørt av, dei aktuelle sakene. Dette
gir ei betre styring av samfunnet.

Det betyr til dømes at drivarar av småbedrifter eller nav-tilsette skal kunne fortelle
politikarar korleis papirmølla kan gjerast mindre og lettare å leve med.
— Ein dyktig sosionom fortalde meg: For 15-20 år sidan jobba vi med menneske. I
dag flyttar vi på papir, sa Dørum, og la til: — Vi må ha mindre fagleg kulde, og meir
menneskeleg varme i samfunnet vårt. Kutt byråkratiet.

Vitalt venstrelag
Denne første venstremiddagen blei ei god opning på det som skal bli ein tradisjon i Sula
Venstre. Vi vil møtast i kafeen nokre gongar i halvåret, for uformell prat og diskusjon.
Sula Venstre er inne i ei vital og optimistisk periode, med auke i medlemstalet og eit
spennande nettverk av dyktige og engasjerte folk. Men vi vil ha mange fleire!
Ikkje alle av oss er einige med Venstre sin politikk i eitt og alt. Men er du interessert i
lokalpolitikk og Sula si framtid, er du varmt velkommen.
Komande tirsdag blir temaet kva som bør vere Sula Venstre sitt program for valet. Sjå
annonse på kunngjeringssidene.

Svolten på fleire venstremiddagar,
June Skodje Skaar,
Sula Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**