Vi er positive til asylmottak på Sula

Vi ønskjer at Sula skal ta sin del av det ansvaret vi alle har for dei som flyktar til Noreg og som
søkjer om opphald her. Om ikkje alle tek sin del av dette ansvaret, blir ikkje børa mindre, men
andre må bere meir.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vi trur at Sula har eit godt grunnlag for å ta i mot desse ungdommane på ein god måte. Sula er
ein rik kulturkommune med tradisjon for internasjonalt samarbeid. Vidare har vi mange lag og
organisasjonar som kan vere viktige støttespelarar for kommunen når det gjeld opplæring i språk
og samfunnsliv i Noreg, samstundes som dei kan vere med på å gi ungdommane ein meiningsfull
kvardag. Den vakre naturen og dei rolege omgjevnadene våre kan òg vere positive for dei som
kanskje har opplevd krig og forfølging.

Det er klart at etablering av eit asylmottak i Sula vil legge ekstra press på særleg helse-, skule-
og tolketenester. Tilskotet frå UDI til kommunen gjer då også kommunen i stand til å sette i verk
særlege tiltak. Difor er det viktig at vi set fokus på løysingane, og ikkje overdriv problema.

Vi er budd til å møte dei utfordringane eit mottak vil føre med seg og meiner at det er naudsynt at
kommunen så snart som råd startar planlegginga av kva tiltak som må settast i verk om det kjem eit
asylmottak i Sula.

Det viktigaste er likevel at vi møter dei personane som eventuelt kjem til eit asylmottak på ein
skikkelig måte. Vi skal, både som samfunn og enkeltmenneske, møte dei som kjem med respekt for
den dei er, det dei kjem frå og situasjonen deira som asylsøkarar. Anten Sula blir porten inn til eit
liv i Noreg, eller ein stoppestad på ein veg som fører tilbake til heimlandet, så skal dei hugse Sula
som ein stad dei likte og møtte menneske dei treivst i lag med. Det ansvaret kviler på dei som driv
asylmottaket, kommunen, organisasjonslivet i Sula, men framfor alt på kvar enkelt av oss – som
myndige innbyggarar og medmenneske

Ove Kaldhol

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**