Sunnhordland Unge Venstre på sumarsamling

Etter dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya var det diskusjon om det var trygt for Unge Venstre å avholde sin årlege sumarleir. Ein kom fram til, saman med politi og myndigheiter at dette var noko me måtte gjera. Om me ikkje gjennomførar det er det ein siger for terroristen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I Sunnhordland papiravis1. August kan ein lesa om Unge Venstres sumarleir.

 Runar Bjørkvik Mæland og Geir Angeltveit

Runar Bjørkvik Mæland og Geir Angeltveit
Foto: Mathias Fischer

Me var i tvil til å byrja med, men etter å ha snakka med politiet, dei andre ungdomspartia og AUF kom me fram til at det ville vere både trygt og riktig å avvikla leiren. Eg var sjølv i tvil til å byrja med, men det er veldig godt å vera her i dag, seier Runar Bjørkvik Mæland

Unge Venstres sumarleir er ei årleg hending for ungdomspartiet. Samlinga vart avholdt på Hove leir, men Unge Venstre var der fyrst seier Mæland.

I år er Geir Angeltveit, ungdomskandidat for Stord Venstre og Runar Bjørkvik Mæland, leiar i Sunnhordland Unge Venstre tilstades på sumarleiren. Ein har i år vald å endra namn og endra samansetting og opplegg på leiren, som konsekvens av terroren 22. Juli.

Når valkampen no er satt på vent, så var det ikkje rett av oss å driva intens valkampskulering og ha eit så kraftig fokus på valkamp som me ellers ville ha hatt. Difor vert det i år bytta ut med mellom anna minnestund med stortingsprest Per Arne Dahl, seier Angeltveit.

Resten av historien kan ein lesa i Sunnhordland papiravis, 1. August.

 Leiar i Civita, Kristin Clemet held innlegg om liberal innvandringspolitikk for kring 200 liberale ungdommar på Unge Venstres sumarleir.

Leiar i Civita, Kristin Clemet held innlegg om liberal innvandringspolitikk for kring 200 liberale ungdommar på Unge Venstres sumarleir.
Foto: Mathias Fischer

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**