Unge Venstre treng dag- og natteravnar

Gode venner,
Unge Venstre kjem til Hove laurdag 30. juli kl 1200 og er der til tysdag 2. august kl 1200. Det er viktig å støtte opp om ungdommen,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


og at dei kan møtest. Fleire av dei aktive i Unge Venstre har venner som var på Utøya. Programmet vil i stor grad handle om demokrati, fridom, menneskerettar. Vi er bedne om å vere tilstades for dei, og dette er ei utfordring til alle folka våre i Arendal, Grimstad og Tvedestrand til å ta ei firetimars økt kvar. Det er sjølvsagt åpen linje til politiet og til beredskapsgruppa i Arendal kommune.

Unge Venstre logo

Foto: logo

Arbeidsoppgåva er å vere der, vere deg sjølv, rusle litt rundt. Og om natta sjå etter at det ikkje kjem uvedkomande.

Under her er lista eg hpåpar du kan skrive deg på. Berre send e-post tilbake til [email protected] når det passar for deg. Om det blir fleire pås ame vakta, er det berre fint. Hugs å halde deg sjølv med te/kaffi, varm genser og evnt også regntøy om det skulle kome ei og anna dråpe.

I skrivande stund torsdag kl 20.00 manglar vi vaktar mandag 1. august 0400-0800 og tysdag 2. august 0400-0800. Og så ere det berre hyggeleg om det er fleire vaktar samtidig på andre tidspunkt også.

Jan Kløvstad
fylkessekretær
91808256

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**