Samling for Eid Venstre søndag 31/7 kl 17

Det blir med dette invitert til ei uformell samling for listekandidatar og medlemmer i Eid Venstre på Rådhuset søndag 31. juli kl 1700-1830.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Den opprinnelege planen med å samlast denne helga var å ta eit gruppefoto til valbrosjyra til Eid Venstre. Det skal vi framleis gjere. Etter dei grusomme hendingane i Oslo og på Utøya sist fredag, blir likevel eit viktigare poeng med samlinga å ta ein «debrief» på korleis vi bør drive politisk arbeid i denne heilt nye situasjonen for oss alle.

Alle partia er på nasjonalt nivå samde om at all utadretta valkamp blir lagt på is fram til midten av august. Interne arrangement vil likevel bli gjennomført i perioden. Mellom anna vil landsstyret i Venstre invitert til ei samling i Grimstad laurdag. Unge Venstre gjennomfører ein redusert variant av si planlagde sommarsamling i dagane etterpå, ut frå behovet for å samlast og snakke ut om det som har skjedd.

Det er også ein tydeleg tendens at angrepa på demokratiet sist fredag har ført til auka politisk engasjement. Alle partia og ungdomspartia melder om stor tilstrøyming av nye medlemmer. Venstre har i skrivande stund fått over 150 nye medlemmer dei siste 5 dagane.

Vi håpar flest mulig av medlemmer og listekandidatar i Eid Venstre møter opp søndag kl 17 for å dele sine tankar om dei tragiske hendingane som har skjedd, og kva vi som politikarar på lokalplanet bør gjere framover.

Vel møtt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**