Våre tankar går til alle ofra og dei pårørande
Det er med vantru, sjokk og sorg vi sit meir eller mindre lamma etter den tragiske hendinga på Utøya og i Oslo. Vi føler sterkt med alle de råka og deira pårørende. – Sogn og Fjordane fylke er også sterkt råka og våre tankar og medkjensle er med Arbeidarpartiet og AUF i sorga, seier fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**
Turneen til Venstreleiar Trine Skei Grande i fylket vårt vart sjølvsagt brått avslutta fredag kveld, og arrangementa i Eid og i Sogndal vart avlyste.
Venstre er sjokkert over dei tragiske hendingane på Utøya og i Oslo sentrum. – Vi sender våre tankar til alle de som er berørt, og viser medkjensle og omtanke for dei som er ramma, seier Venstreleiar Trine Skei Grande.
Fylkesleiaren oppmodar våre medlemmer om å støtte opp om lokale markeringar.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**