Kommunevalprogram for perioden 2011-2015

Skodje Venstre har vedteke sitt valprogram for komande valperiode.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


SKODJE VENSTRE

kommunevalprogram 2011 — 2015

IDEOLOGI

Venstre er eit sosial-liberalt parti. Skodje Venstre vart stifta 28.10.1883. Nasjonalt vart Venstre stifta 28.januar 1884. Sosialliberalismen dannar grunnlaget for innføringa av folkestyret, utbygging av den offentlege skulen og starten på velferdssamfunnet.

Kjernen i sosialliberalismen er fridom for den einskilde supplert med ansvar for kvarandre. Vi har ansvar for at komande generasjonar skal ha eit godt livsmiljø. Å sikre rein jord, reint vatn og rein luft vil for Venstre ligge i botnen når politiske prioriteringar skal gjerast.

Det vil vere Venstre sitt mål å arbeide for å redusere einsemd og isolasjon og skape tryggleik i eit stadig meir krevjande samfunnsmiljø. Venstre vil halde fram kampen for likestilling for alle.

Nærings- og arbeidslivet og dei friviljuge organisasjonane er viktige støttespelarar i kampen for eit betre miljø og ei betre ressursutnytting. Ny teknologi må takast i bruk både innanfor produksjon og ved reinsing av utslepp. Dette vil gi stor miljøgevinst. Miljøteknologi og ENØK vil og kunne gi varige arbeidsplassar.

Venstre ønskjer folkeleg engasjement og deltaking i demokratiet. Difor må avstanden mellom dei folkevalde og veljarane gjerast så liten som råd. Opnare forvaltning og betre informasjon er kampsaker for Venstre. Eit levande demokrati vert ikkje skapt ved at makta vert overlaten til administrasjon og byråkratar, men ved at politikarane brukar makta til å styre til beste for borgarane.

Venstre i Skodje vil arbeide for ei berekraftig utvikling i heile kommunen og prioritere fellesskapsløysingar framfor særinteresser i dei ulike miljø eller krinsar.

Venstre sin visjon er eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv, der vi og tek ansvar for kvarandre og miljøet. Venstre vil støtte ein politikk som sikrar full sysselsetjing og gir trygge økonomiske vilkår for den einskilde. Vi vil arbeide for stabilitet i samband med det kommunale tenestetilbodet gjennom å sikre ein god kommuneøkonomi.

MILJØ

Vi vil at kommunen skal legge omsynet til miljøet i botnen for all si planlegging og verksemd. Vi vil stimulere til interkommunale tiltak for å sikre reint drikkevatn, avfallshandtering og ressursgjenvinning (t.d. komposteringsanlegg for organisk avfall).
Venstre ønskjer ei satsing på fornybare energikjelder som solenergi, bioenergi, varmepumper, minikraftverk og vindkraft, samstundes må vi prioritere tiltak som sikrar energieffektivisering.

Vi må ta lokalt klimaansvar og fylgje opp den utarbeidde klimaplanen. Gjennom å ha ein forpliktande klimaplan kan vi finne dei verkemidla vi som lokalsamfunn har tilgjengelege for å redusere klimautsleppa våre. Vi må også utvikle ein møte plass der næringsliv og innbyggjarar, saman med kommunen, kan møte klimautfordringane i framtida med brei front.
Våre innbyggjarar skal ha høve til alltid å velje miljøvenleg.

Venstre vil arbeide for å etablere ladestasjonar for EL-bil.

Vi må ta vare på artsmangfaldet i flora og fauna.

Vi må arbeide for styrka regional og kommunal beredskap for å hindre forureinande utslepp frå offentleg verksemd, industri, landbruk og oppdrettsanlegg. Også beredskap ved uhell i samband med transport av farlege/forureinande stoff.

Venstre vil gjerne ha utbygging, men vi må sikre at det ikkje vert på dyrka mark. Av omsyn til verdas matvaresituasjon må vi sørgje for at det er tilgjengeleg areal til lokal matvareproduksjon.

I samband med hyttefelt og spreidd hyttebygging ønskjer vi ei avgrensing i tillate bruttoareal pr. hytte.

100-meters-beltet ønskjer vi skal strengt handhevast i heile kommunen, for å verne allemannsretten i strandsona.

VERDISKAPING
Venstre vil legge vekt på å skape gode rammevilkår for dei små og mellomstore verksemdene og gjennom det også stimulere til vidareutvikling og nyskaping i tråd med dei utfordringane som kompetansesamfunnet stiller oss overfor.

Politikk som er bra for dei små bedriftene er nesten utan unntak bra for dei store, men ikkje nødvendigvis motsett.

Venstre vil legge til rette for meir kommunalt næringsareal og kommuneplanen må snarast rullerast med omsyn til dette.
Venstre vil arbeide for at det vert etablert ein næringshage der småbedrifter/gründerar kan leige kontor i eit kontorfellesskap.
Venstre vil ha ein kommunal næringsutviklar som støttar og stimulerar næringslivet og bidreg til utvikle eit aktivt næringslag.

Jordbruk har gått attende i kommunen. Det er likevel denne næringsvegen som vil vere den berande faktor for å bevare kulturlandskapet i kommunen. Næringa er og avgjerande for korleis busetjinga skal utvikle seg.

Vi ønskjer at areal med dyrka mark skal vernast og prioriterast til matproduksjon. Skodje kommune bør utarbeid plan over kvar vi skal ha vår matproduksjon i tidene som kjem. Bygging på slikt areal bør kun tillatast dersom utbyggjer set av midlar til eit kommunalt ny-dyrkingsfond.

Det er viktig å motivere landbruket til å ta nye verkemiddel i bruk for å oppretthalde sysselsetjinga, t.d turistnæring, småproduksjon og "grøn omsorg".

Det må arbeidast for å gjere det enklare å busetje seg på nedlagde bruk.

Stimulering til satsing på lokal produksjon av mat og drikke basert på lokale råvarer er viktig for framtidia til jordbruk, reiselivsnæring og bygdene.

SAMFERDSLE

Venstre vil arbeide for å sikre god offentleg kommunikasjon mellom krinsane. Dette gjeld både tilkøyringsruter for å nytte passerande bussruter som Timekspressen og høve for ungdom å kunne nytte offentleg kommunikasjon for å delta på aktivitetar i kommunen. Sykkelveg Lia-vegen — Håhjem Industriområde. Omlegging av veg til Solnørdalen og gangveg til Plassebakken barnehage. Gangveg langs fylkesvegen frå bankbygget til Reitane.
Venstre ønskjer å vurdere om vegen over Utvikfjellet bør utbetrast til heilårsveg.
Venstre vil arbeide for å utbetre fylkesvegen mellom Glomset og Valle og få trygg skuleveg på strekninga.

VELFERD

Venstre vil styrke barnevernstenesta — gjerne gjennom interkommunalt samarbeid som t.d. barnevernsvakt , men og ei større satsing på førebyggjande tiltak.

Herunder også rusførebyggjande tiltak. Venstre går inn for ei restriktiv haldning til rus. Det vil vere gjennom å avgrense antall skjenkeløyve. Når tobakk no er under disk er tida igjen inne for å be butikkane om å fjerne alkoholhaldige varer frå daglegvarehyllene og selje desse i eigne lokaler.

Venstre vil prioritere førbyggjande helsetiltak og rehabilitering for å redusere etterspurnaden etter institusjonaliserte tilbod.

Venstre har tru på samhandlingsreforma, men mykje er enno uklart. Venstre vil arbeide for at kommunen raskt etablerar eit breitt samansett utval til å førebu denne reforma.

Eldre er ein oppegåande og betydeleg ressurs for samfunnet. For auka trivsel må vi stimulere til kultur-, friluftsliv og sosiale treff for eldre — gjerne i samarbeid med friviljuge organisasjonar i kommunen.

KUNNSKAP

Barnehage
Vi må bygge ut nok plassar slik at vi får full reell dekning. Satsing på utegrupper ser Venstre på som ein gevinst ikkje berre for auka antall plassar, men og helsemessig gevinst for borna ved å lære å ta naturen i bruk.Venstre vil arbeide for å styrke kvalitet og pedagogisk innhald.
Brusdal skule må kunne nyttast som barnehage etter at Valle skule er ferdig.

Skule
Vi må styrke den offentlege skulen slik at vi kan gi eit likeverdig tilbod til alle elevar ut frå deira føresetnader. Dette gjeld sjølvsagt og funksjonshemma og framandspråklege elevar.
Læringsmiljøet må vere prega av faglege utfordringar. Tryggleik, rettleiing og ansvarskjemsle, evne til omsorg, samarbeid og kreativitet skal verdsetjast høgt i tillegg til fagleg dugleik.
Det må stillast krav til undervisninga i skulen, og lærarane må få tilbod om naudsynt etterutdanning for å halde seg kvalifiserte i faga sine. Bruk av lønna permisjon for kompetanseheving bør utgreiast. Rett til ulønna permisjon for å prøve seg i anna yrke eller eigenutvikling bør imøtekommast , td.kvart 10. år pr lærar.

Vi ønskjer å gi rektor og lærarar handlingsrom ved å auke vaksentettleiken i skulen.

Skodje-skulane bør ha eit fagleg nivå betre enn landsgjennomsnittet.

For å hjelpe skuleeleven ved val av vidaregåande fagretning ønskjer vi å styrke rådgjevartenesta.

Venstre vil arbeide for å oppretthalde ein skulestruktur med 3 skulekrinsar.

Venstre vil arbeide for å oppgradere skulebygga slik at det vert ein triveleg stad å lære. Vi vil satse på utbygging av skulane i Skodje for å møte morgondagens elevtal.

Venstre vil betrel dei trafikale tilhøva ved Gomerhuset, Skodje barnehage, Skodje barneskule og Skodje ungdomsskule. Det må snarast verte utarbeidd ein plan som sikrar ein trygg veg til borna, samtidig som det stettar bedriftene sitt transportbehov.

FRITID

Legge til rette for eit allsidig fritidstilbod for innbyggjarane. Vi må respektere og lytte til dei friviljuge organisasjonane. Gi dei gode rammevilkår og legge til rette for auka vekst.

Venstre vil arbeide for at omsynet til universell utforming vert sterkare prioritert, for å sikre innbyggjarane tilgong til alle aktivitetar.

Venstre vil ha eit trygt fritidsmiljø også for dei som ikkje deltek i organiserte tilbod.

KULTUR

Kulturpolitikken skal femne om grunnleggjande verdiar i samfunnet.

Venstre vil arbeide for at kommunen skal ha eit godt, moderne bibliotektilbod.

Venstre vil legge tilrette for eit aktivt idretts- og kulturliv gjennom støtte til lag og organisasjonar i deira arbeid i lokalmiljøet.

Venstre vil arbeide for vidare utvikling av kulturskulen, der tilboda skal byggje på dei eksisterande kulturtilboda i kommunen. Kulturskulen må og byggje vidare på og skape tradisjonar for samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. I samarbeidet vil det kunne vekse fram nye kulturaktivitetar.

Venstre vil arbeide for at våre kor og korps, kan sikrast økonomisk plattform til å utvikle seg vidare.
INTERNASJONAL SOLIDARITET OG MØTE MED NYE KULTURAR

Venstre vil halde fram Nord/Sør-samarbeidet og Venskapssamarbeid med Voi —

Skape gode oppvekst- og levekår for flyktningane som kjem til oss. Skodje kommune må ta sin del av ansvaret for å busette flyktningar som har fått opphaldsløyve i landet.

Venstre vil at Skodje kommune skal verte Rettferdig handel kommune i perioden.

SLEPP BORGARANE TIL

Venstre arbeider for å oppretthalde talet på kommunestyremedlemmar- dette for å verne om demokratiet.

Venstre vil arbeide for at politisk nedsette utval ikkje berre skal ha medlemmar frå kommunestyret, både for å sikre breiare kunnskap i beslutningsprosessen og for å sikre den einskilde borgar sin rett til deltaking i politikken. Venstre vil sleppe borgarane til og støtte bruken av eigne utval for å løyse tidsavgrensa oppgåver. Venstre ønskjer at faste utvala skal ha avgjerdsmynde og at delegasjonsreglementet skal sikre at politikarane har makta.

Venstre vil gi dei unge direkte invitasjon til å engasjere seg og dermed høve til å påverke avgjerder. Ungdomsrådet skal vere høyringsinstans i alle saker. Interpellasjonstilgang, tale og forslagsrett er andre aktuelle tiltak.

Venstre vil arbeide for at Eldrerådet og Rådet for funksjonhemma vert brukt som høyringsinstans i saker som vedkjem deira arbeidsområde.

Venstre ser på frivillig innsats frå organisasjonane som ein berebjelke i lokalsamfunnet. Frivillig innsats er avgjerande for dei fleste lokale aktivitetar og avspeglar menneskets engasjement i nærmiljøet. Venstre vil stimulere dette arbeidet ved å betre vilkåra for lag og organisasjonar, samt invitere til dugnad for å løyse lokale oppgåver.

OPENT, ENKELT OG MED YTRINGSFRIDOM

Venstre vil arbeide for ei opnare forvaltning. Særleg innbyggjarane sin rett til informasjon og innsyn.

Venstre vil slå ring rundt Grunnlova sin § 100, retten til ytringsfridom.

Venstre vil ikkje vere med på å avgrense dei tilsette sin rett til å ytre seg i debattar og til å ha kontakt med media og folkevalde. Dette er i strid med kommunelova sin intensjon og tilrådingar frå departementet. Tilsette har ikkje berre rett, men plikt til å uttale seg om tilhøve i kommunen både overfor innbyggjarane, dei folkevalde og media.
Det er likevel viktig å skilje mellom å uttale seg på vegne av kommunen, og å uttale seg om tilhøve i kommunen. Det føreset og at den einskilde tilsette også går tenesteveg, og informerer sine overordna om eventuelle mediautspel.
Venstre skal vere ein garantist for at ytringsfridomen også skal gjelde kommunalt tilsette.

Vedteke av medlemsmøtet 14.juni 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**