Stand avlyst

Eid Venstre sin planlagte stand i Eid sentrum laurdag 23. juli blir avlyst i lys av dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya i går.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre-leiar Trine Skei Grande, som skulle ha vore til stades på Eid i dag, returnerte i går kveld til Oslo.

Eid Venstre sender våre varmaste tankar til alle som er berørt. Vi står saman med alle andre i det politiske miljøet samla i sorg over den ufattelege ulukka som har ramma Arbeiderpartiet og AUF på Utøya, som vi i skrivande stund enno ikkje har full oversikt over.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**