FOLK FØRST – Program 2011-2015

Lokalvalet 2011 står framfor oss. Venstre stillar sterkt med eit solid program for å ivareta det gode samfunnet på Stord. Me ynskjar å satsa på sjukehuset, satsa på skulen og satsa på dei gode opplevingane og den gode velferdskommunen. Då må me ta harde tak og stå på, slik at me i realiteten, kan setja folk først!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


– Trykk her eller på bileta for meir informasjon

– Trykk her for .PDF-Versjon.

 Håkon Frode Særsten - Stord Venstres Ordførarkandidat.

Håkon Frode Særsten – Stord Venstres Ordførarkandidat.


Venstre er det liberale, sosiale og miljøvenlege alternativet i kommunevalet. Venstre set folk først, fordi enkeltmenneske er viktigare enn system.

For Venstre er det ein verdi i seg sjølv at menneske er ulike og tar ulike val. Respekt for mangfald er inkluderande fordi det betyr å vera open i møte med andre og det ukjende. Toleranse betyr respekt, ikkje likesæle. Venstre sine tankar om fridom ynskjer me skal gjelda overalt og for alle, og stoppar ikkje ved landegrensene.

Venstre ynskjer å leggja til rette for eit samfunn med engasjerte og ansvarsmedvitne borgarar, som har fridom til å ta eigne val. Det gagnar ein sjølv og medborgarane.

 Venstre vil sikra framtida til Stord Sjukehus. Trykk på biletet for å sjå kva me vil gjera for sjukehuset.

Venstre vil sikra framtida til Stord Sjukehus. Trykk på biletet for å sjå kva me vil gjera for sjukehuset.

Det er viktig at me ser samanhengen mellom dei ulike delar av samfunnslivet i kommunen. For at Stord framleis skal vera ein trygg stad å bu, er me avhengig av å ha eit konkurransedyktig næringsliv, eit godt kultur- og fritidstilbod, eit reint miljø og gode tenestetilbod for innbyggjarane.

Venstre vil arbeida aktivt for ein god skule, med fokus på kunnskap og gode rammer for alle. Venstre vil leggja til rette for eit godt samarbeid mellom næringslivet og Høgskulen Stord /Haugesund for etter- og vidareutdanningstilbod, i tillegg til grunnutdanningane.

 Stord skal vera ein kommune som satsar på innovasjon og nyskaping.

Stord skal vera ein kommune som satsar på innovasjon og nyskaping.

Venstre vil arbeida aktivt for å oppretthalda eit godt lokalt sjukehus, som er knytt opp mot Haukeland universitetssjukehus.

Venstre vil arbeida for valfridom i kommunalt tenestetilbod og for tryggleiken ved å veta at ein får god hjelp den dagen ein treng det. Dei tilsette skal oppleva at dei gjer ein god jobb og har tid til å vera medmenneske.

Samhandlingsreforma gir moglegheiter for betre og meir heilskaplege pasientforløp. Venstre vil utnytta potensialet som ligg i nye helselover og samhandlingsreforma til å laga gode og berekraftige tenestetilbod, til å førebyggja i staden for å reparera.

Alle har ansvar for å ta vare på naturen. Det må takast omsyn til miljø i alle samanhenger. Kortsiktig tenking og særinteresser i Stord kommune må vika for langsiktige og viktige miljøomsyn. Venstre vil jobba aktivt for at kommune, bedrifter og enkeltmenneske skal velja det minst miljøskadelege alternativet for oppvarming, produksjon, ferdsel og fritid.

 Geir Angeltveit er student og Stord Venstres ungdomskandidat.

Geir Angeltveit er student og Stord Venstres ungdomskandidat.

Fysisk aktivitet er ei kjelde til opplevingar og eit godt liv. Venstre vil arbeida for at det vert lagt til rette for at alle i Stord kommune skal kunna ta del i friluftsliv og fysisk aktivitet. Å laga gode gang- og sykkelstiar gjer at ein kan kombinera fysisk aktivitet med å komma seg til jobb eller skule, og samstundes ta miljøomsyn ved redusert bruk av bil.

Kunst og kultur som løftar, forundrar og kanskje gjer oss forarga, høyrer med i vårt moderne bysamfunn. Venstre vil arbeida for at me som enkeltmenneske skal få gode opplevingar og kjenna fellesskapen gjennom dei mange ulike kulturtilboda. Venstre vil arbeida for at mangfaldet av lag og organisasjonar skal få rammevilkår som gjer dei i stand til å driva frivillig arbeid til beste for innbyggjarane.

 Odd Stuve Rommetveit er dagleg leiar på Podlen Verkstad AS, og er kandidat for Stord Venstre.

Odd Stuve Rommetveit er dagleg leiar på Podlen Verkstad AS, og er kandidat for Stord Venstre.


Stord kommune har mykje å tilby turistar som vitjar øya vår. Venstre vil at Stord kommune skal halda fram med det gode samarbeidet både med privat næringsliv og nabokommunar for å auka talet på turistar. Venstre vil særskilt styrkja næringsturismen.

Det skal leggjast til rette for gode hamner for fritidsbåtar i ulike delar av kommunen.

Venstre vil gå inn for å styrkja landbruket, og at jordbruksarealet vert oppretthalde.

 Jorunn Fylkesnes er ei trebornmor frå Stord og er kandidat for Venstre.

Jorunn Fylkesnes er ei trebornmor frå Stord og er kandidat for Venstre.

Venstre vil satsa på eit fleksibelt og nyskapande næringsliv for å gje stordsamfunnet fleire bein å stå på i møte med framtida. Me er opptatt av gode vilkår for sjølvstendig næringsdrivande og dei mindre verksemdene, fordi velferdsamfunnet er avhengig av eit nyskapande næringsliv. Framtida sine arbeidsplassar er framleis ikkje skapte. Difor treng me ein politikk som støttar småverksemder og grunderar.

Venstre vil arbeida for at lokalsamfunnet vårt er attraktivt for tilflyttande familiar, gjennom full barnehagedekning, gode skular, eit rikt fritidstilbod og utviklande arbeidsplassar.

Venstre vil basera all sin politikk på god økonomistyring, og tilpassa tenestenivået etter økonomiske føresetnader, også om dette medfører organisasjonsmessige endringar.

For å nå desse måla, vil Stord Venstre i komande periode jobba for:

Stord — staden for kunnskap og utvikling

– Realisera full barnehagedekning

– Vidareutvikla SFO gjennom samarbeid med frivillige organisasjonar

– Ha meir fysisk aktivitet i barneskulen – saman med dei frivillege organisasjonane

– Etablera oppvekstsenter på Litlabø

– Rullera skulebruksplanen i samsvar med kommuneplanen

– Oppretta ny stilling som «elevombod»

– Styrka rådgjevingstenesta i skulen

– Få fleire faggrupper inn i skulen slik at lærarane får meir tid til undervisning og barn med særlege behov får individuell oppfølging

– Stimulera til at lærarar kan hospitera på andre skular og i næringslivet

– Gi elevar ved Stord vgs høve til å drifta ungdomsverksemder gjennom Ungt Entreprenørskap

– Arbeida for prøveordning med nedsett arbeidsgivaravgift for lærlingar

– Stimulera til at høgskulemiljøet får gode vekstvilkår og er med å utvikla Stord som ein allsidig utdanningskommune

Stord — staden for gode opplevingar

– Sikra Leirvik Fyr som eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsområde

– Gjennomføra tiltak for eit levande bysentrum med gode møteplassar og halda ved like dei grøne lungene ved Vikastemmo, i Vidsteenparken og på moloen

– Oppgradera kulturløyper i heile kommunen, med oppslag, bilete, skilt m.m.

– Samarbeida med idrettslag og andre organisasjonar om arrangement og tiltak

– Oppretthalda drifta av dagens fritidsklubbar

– Oppretthalda ei god og allsidig bibliotekteneste

– Stimulera til eit allsidig kunst- og kulturliv

– Realisera strandpromenade frå Moloen til Mølla, med mogleg utviding til Sævarhagen

– Fullføra tursti frå Vassenden til Rossneset, samanhengande turløype rundt Ådlandsvatnet og rundløype i Hystadmarka

– Støtta etablering av fleirbrukshall i Sagvåg

– Ta vare på gruvemiljøet på Litlabø

– Opprusta og vedlikehalda kommunale badeplassar

Stord — den framtidsretta miljøkommunen

– Etablera ein langsiktig plan for reduksjon av kommunale klimagassutslepp

– Energiøkonomiske tiltak for alle kommunale bygg

– Vurdera enøk-tiltak og alternative energikjelder i alle nye byggjefelt

– Gjera den kommunale bilparken miljøvennleg ved å satsa på alternativt drivstoff

– Gje kommunetilsette kilometergodtgjersle for å sykla i jobben

– Fleire sauer på beite for å ta vare på kulturlandskapet

– Byggja samanhengande gang- og sykkelvegnett

– Restriktiv bruk av landbruksareal til bustadformål og næring

– Eit ryddig og bossfritt stordsamfunn

– Oppretthalda Stord som offisiell "Fair Trade"- by, med satsing på rettferdig og miljøvennleg handel

Stord — den trygge og pålitelege velferdskommune

– Tilsetja kommunepsykolog som eit lavterskeltilbod innan psykisk helse

– Leggja til rette for at eldre par får bu saman på sjukeheimane

– Vakttelefon for barnevernet

– Utvikla Sæbø Gard som eit kraftsenter for arbeid og aktivitet for ulike grupper

– Utvida tilbodet om omsorgsløn for foreldre med funksjonshemma barn

– Oppretta frisklivssentral – eit tilbod om livsstilsendring

– Sikra drift av skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

– Oppretthalda drift av SLT-koordinator (Samordning av lokale kriminalførebyggjande tiltak)

– Oppretthalda I JOBB Stord, eit jobbtilbod med låg terskel

– Fleire aktivitetstilbod for personar med hjelpebehov

– Auka valfridomen for eldre og funksjonshemma som treng hjelp frå det offentlege

– Fortsetja det gode arbeidet med intergrering av flyktningar

– Fleire samlokaliserte bustadar for personar med hjelpebehov

– Brukarmedverknad på individ- og systemnivå

– Pårørande og nettverk må vera viktige medspelarar i tenesteutøvinga

Stord — staden for vekst og næring

– Arbeida for ein trygg og fergefri stamveg (E39) mot Bergen

– Sjå ferjestad mot Kvinnherad i samanheng med utbyggjing av ferjefri stamveg

– Vidareutvikla Stord som regionssenter og trafikknutepunkt

– Betra kollektivtransporten der folk ferdast, og få eit betre tilbod i helgane

– Kommunen skal vera ein inspirerande medspelar for næringslivet i deira satsing på knoppskyting

– Leggja til rette for næringsverksemd gjennom nybygg/rehabilitering av gamle hus i Leirvik sentrum

– Leggja til rette for nye industriområde

– Leggja til rette for vidare bustadbygging

– Vidareutvikla reiselivsnæringa i samarbeid med næringslivet og nabokommunane

Stord — den nytenkjande og demokratiske kommunen

– Sikra at me har borgarvenlege (serviceretta) offentlege etatar

– Oppretta ei kommunal forslagskasse for borgarane

– Leggja til rette for offentleg-privat samarbeid

– Ha ein gjennomtenkt strategi for kommunalt eigarskap i verksemder

– Samarbeida på tvers av kommunegrenser der det gagnar innbyggjarane

– Ta intiativ til samtalar om kommunesamanslåing i ytre Sunnhordland

For at Venstre skal koma i posisjon og kunna jobba for desse tiltaka treng me di hjelp.
Ved at du stemmer på oss, vil du gje oss høve til å kunna påverka at desse tiltaka og prosjekta vert realiserte.

Ynskjer du meir informasjon om Stord Venstre, ta gjerne kontakt.
Godt val, helsing Stord Venstre

Kristtorn
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**