Intervju med Håkon Frode Særsten i Sunnhordland

Stord Venstres ordførarkandidat stilte til intervju med Sunnhordland. Der ein gjekk gjennom Venstres mål og saker for valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det var Olav Røli som måndag intervjua Håkon Frode Særsten om Stord Venstre, knappe 2 månader før valet.

Håkon Frode kunne fortella at Venstre trur på 15 prosent oppslutnad ved haustens val og at me vil heller selja unna kommunal eigedom og kjempa for sjukehuset, enn å innrømma fallit og innføra eigedomsskatt. Ved sist meiningsmåling oppnådde Venstre 10,4%.

Håkon Frode Sunnhordland

Foto: Sunnhordland

— Me meiner skatten er urettvis og at han ikkje fremjar inntekt og forbruk, ei heller dempar forureining. Eigedomsskatten vil gå utover dei som skal etablera seg. Og når dei unge må betala eigedomsskatt på Stord, så vel dei kanskje heller å flytta til Stavanger eller Bergen, seier Særsten.

Ei av Stord Venstres viktigste saker dette valet vert å finna ei løysing for Stord Sjukehus, dette gjekk Håkon Frode inn i detalj. Der han refererar til Venstres Helse Hordaland. Ei ny orientering mot Haukeland Universitetssjukehus.

Ordførarkandidaten meiner Stord vil komma langt betre frå det, og at tilbodet vert betre, om det vert lagt i eit føretak saman med universitetssjukehuset i Bergen. Det er diverre kun Hordaland Venstre som her ynskjar å finna ei langsiktig løysing ein kan leva med.

I Sunnhordland fredag 15. juli 2011 kan ein lesa heile intervjuet med Håkon Frode Særsten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**