Her er brevet til Avinor:
Avinor
Ålesund Lufthavn Vigra
6040 VIGRA
Tilhøva for reisande etter omorganisering av Ålesund Lufthavn Vigra
Mange reisande har vendt seg til oss for å ta opp tilhøva ved flyplassen etter ombygging og omorganisering. Dei opplever at flyplassen er dårleg tilrettelagt for dei som må vente på fly eller buss i område utanfor sikkerheitssona. Mange er også frustrerte over dårleg kommunikasjon til ytre Sunnmøre. Vi meiner at det er mogeleg å lage ei betre organisering for dei reisande også med avgrensa midlar.
Vi har også vore på flyplassen sjølve for å oppleve det dei reisande er frusterte over.
Kommunikasjon vidare til ytre søre
Det er for sjeldan buss/hurtigbåt avgangar for dei som kjem med fly og skal vidare til Hareid, Ulstein, Herøy , Sande og Vanylven. Passasjerar som har jubla over direkteruta mellom Vigra og London har opplevd å bruke meir tid på å vente på Vigra enn det sjølve reisa har tatt. Det er også ofte vanskeleg å finne ly for regn og vind på Valderøya i vente på hurtigbåten.Dette bør gjerast noko med.
Service på flyplassen
Utanom sikkerheitsona er det i dag ikkje kafetilbod og ikkje pengeautomat. Fleire eldre passasjerar som ikkje har oppdaterte kort for automatbruk har site fleire timar på Vigra utan å kunne kjøpe mat eller drikke fordi dei ikkje har kunne bruke kort eller ikkje hatt mynt. Mat/snack-automaten er også svært vanskeleg å bruke og ofte i ustand eller fungerer tilfeldig. I tillegg er sitesona lite tiltalande.
Sidan det ikkje er mogeleg å nå tak i pengeautomat utan å ha boardingkort, gjer dette at folk ikkje greier å skaffe seg pengar til vidare reise heller. Dette skaper trøbbel og bekymring for folk, også for dei som kjem til flyplassen berre for å vente på og hente passasjerar som kjem.
Dårleg informasjon gjer at det også er vanskeleg å nå tak i nokon å spørje om hjelp både til automattenester og til kommunikasjonstenster. Dei faste oppslaga som er om kommunikasjonstenester er også til dels vanskeleg å tolke for folk som ikkje er lokalkjende. Busssjåførane som køyrer bussane til Ålesund kan ofte heller ikkje gi gode svar på ruter til Hareidlandet.
Vi opplever at flyplassen på Vigra er i ferd med å få dårleg servicery på seg. Dette likar vi ikkje då vi gjerne vil ha ei positiv utvikling av flyplassen. Vi ber om at de tek fatt i dei vanskane som er omtala over og gjerne samhandlar med reisande for å få til ein service som fungerer.
Med helsing
Møre og Romsdal Venstre
v/ gruppeleiar Gunn Berit Gjerde, mob. 41544001