Venstre utfordrar Helseministeren om kuttplanar ved Nordfjord sjukehus

Venstre-leiar Trine Skei Grande sender i dag brev til Helseminister Anne-Grete Strøm Erichsen (Ap) om Helse Førde si planlagte nedbemanning og oppseiing av tilsette ved Nordfjord sjukehus. Venstre-leiaren spør som følger: «Mener Statsråden at de omtalte endringene Helse Førde nå går i gang med er i tråd med Statsrådens løfter fra april i år om at ingen ansatte ved Nordfjord sykehus skal miste jobben?»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Sfj Venstre

– Helse Førde sitt forsøk på rask slakting av fagmiljøa på Nordfjord sjukehus er heilt uakseptabelt og i strid med vedtak og lovnader frå Regjeringa. Denne hersinga med folk og tilsette i Nordfjord må stoppast av Helseministeren, seier Venstre sin ordførarkandidat på Eid, Alfred Bjørlo.

Helseministeren forsikra i april i år at ingen tilsette ved Nordfjord sjukehus skulle miste jobben som følge av endringane i sjukehustilbodet som Regjeringa då vedtok. Tvert imot vart det lova frå Regjeringa eit eige «utviklingsprosjekt» ved Nordfjord sykehus med 25 mill kr i «friske midlar» pr år i tre år skulle legge grunnlaget for ny aktivitet ved sykehuset. I tillegg lovde Helseministeren at den for lengst ferdigbygde rusposten ved Nordfjord sjukehus skulle bemannast opp og opnast.

På trass av dette, og på trass av at Regjeringa la til grunn at endringar i sjukehustilbodet skulle skje hausten 2012, har Helse Førde no ved inngangen til fellesferien sett ned eit hurtigarbeidande Nedbemanningsutval for Nordfjord sjukehus. Av mandatet for utvalet går det klart fram at Helse Førde planlegg å bruke sammarferien til å førebu ei omfattande nedbemanning ved Nordfjord sjukehus allereie hausten 2011, der det også er gitt mandat til å gjennomføre oppseiingar. Les meir om Helse Førde sine nedbyggingsplanar for Nordfjord sjukehus her

Helse Førde har heller ikkje tatt initiativ til å opne rusposten ved sjukehuset, noko Helseministeren lovde skulle skje uavhengig av og i tillegg til andre endringar og omstillingsprosjekt.

– Helse Førde har med dette forsøket på eit «sommarkupp» av fagmiljøa ved Nordfjord sjukehus trakka så langt over streken som det er mulig å få til. Eg ser ikkje lenger nokon mulighet til at dagens Helse Førde-regime kan gjenvinne respekt og tillit blant folk i Nordfjord. Samtidig er det ingen tvil om at Ap, Sp og SV er politisk ansvarlege for den hersinga med folk og tilsette i Nordfjord som vi no opplever, ei hersing som attpåtil bryt med klare vedtak og lovnader frå Regjeringa. No må Helseministeren rett og slett setje ned foten overfor Helse Førde, samtidig som ein i Nordfjord førebur eit framtidig helsesamarbeid med Helse Møre og Romsdal om spesialisthelsetenester, seier Alfred Bjørlo.

Brevet frå Venstre-leiar Trine Skei Grande til Helseministeren kan du laste ned og lese her

Kontaktinformasjon:
Alfred Bjørlo, Venstre sin ordførarkandidat i Eid, mobiltlf 480 82 652

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**