Venstre vil tilby Brandal skulebygget eitt år til

Hareid Venstre håper å få til ei brei politisk semje om at Brandal Friskule skal kunne leige skulen neste skuleår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Bygget kan truleg verken seljast eller leigast ut til andre eventuelt før om eitt år når omreguleringa er ferdig. Venstre meiner det difor er viktig for kommunen å ha leigeinntekter på byggjet framfor berre utgifter. Venstre ser det heller ikkje som ei ulempe at elevane i Brandal får undervisning i skulebygget i staden for bedehuset som er mindre eigna.

Leigeavtalen med Brandal Friskule har gått ut, og det må forhandlast ny avtale. Hittil har leiga frå Brandal Friskule på langt nær dekt kommunen sine utgifter med bygget. Venstre vil gjerne drive realpolitikk og snu alle steinar for å få inntekter til å gi alle borna i kommunen ei god undervisning. Då er utleige av skulen ei naturleg følgje av dette, seier Venstre sin ordførarkandidat Einar Warholm.

Venstre sin tanke er at bygda Brandal skal ha leikeplass/idrettsplass og gymsal/storstove, slik at ein framleis kan drive med arrangement og samlingar for å fremje trivsel i bygda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**