– Vi set stor pris på at Venstre-leiaren legg ferien sin til Sogn og Fjordane. Trine Skei Grande sitt besøk vert ei viktig opplading til valkampen for Sogn og Fjordane Venstre og lokallaga Flora, Askvoll, Naustdal, Førde, Jølster, Eid og Sogndal, seier fylkesordførarkandidat Marit Barsnes Krogsæter.
Venstre-leiaren skal besøke bedrifter og gardsbruk, vere med på folkemøte, stand og få oppleve rockefestivalen Malakoff og andre kulturopplevingar.
– Sogn og Fjordane kryr av engasjerte gründarar, kulturfolk og eldsjeler i eigne lokalsamfunn som i dag ikkje får utfalde skaparkrafta si godt nok med raudgrøn detaljstyring frå stat og fylke. Det å setje folk først, framfor å tilpasse menneska til dei statlege systema, vil vere eit overordna tema for Trine Skei Grande sitt besøk i Sogn og Fjordane. Vi gler oss veldig til å få Venstre-leiaren på besøk og syne henne Framtidsfylket Sogn og Fjordane, seier Marit Barsnes Krogsæter.
Kontaktperson: Fylkesordførarkandidat Marit Barsnes Krogsæter tlf. 909 98 121
Trine til Sogn og Fjordane.
Onsdag 20 juli.
kl. 10.35 Fly frå Gardemoen til Florø
11.45: Flyet kommer
12.00: Lunsj, Hjørnevikhagen
Å ta vare på gamle miljø v/Malvin Horne.
13.30: Besøke Kinn Bryggeri
14.30: Båttur med Harald
15.30: Besøk Mercatus
16.30: Besøk hos Jan Arve (m/servering av snitter)
20.00: Folkemøte, Havglytt: «Skole og utdanning prioriteringer på alle nivå»
Torsdag 21. juli
kl. 0830 Ekspressbåt frå Florø til Askvoll
Omvising Vilnes Kyrkje v/Kirsten Grane
Presentasjon av Atløy Kulturhus
Framtidig landbruk – eller ikkje?
Presentasjon av Atløysambandet.
Bedriftsbesøk Helle Knivfabrikker
Presentasjon av næringslivssatsing i Askvoll Kommune.
16.00 Allaktivitetshuset i Kvammen.
Orientering om bygdeutvikling i Førdefjorden
Orientering om rutilutvinning i Engebø, saman med Naustdal Venstre
Båtskyss til Engebø i Naustdal kommune
Bil frå Engebø til Førde med innlagde stopp.
Kl. 19.30 Sommerfest saman med lokallaga i Sunnfjord på Rica Sunnfjord Hotell.
Fredag 22. juli
11.00 – 12.00 Stand i Førde
12.30 Jølstramuseet; museum, galleri og grunderverksemd basert på kunst, innlagt matpause???
14.00 Jølster Rafting, grunderverksemd basert på naturbasert reiseliv
15.00 Øvrebø Smykkeverkstad; ung kvinneleg grunder basert på kunsthandverk
16.00 Eikaasgalleriet, utstilling av Ludvig Eikaas, kaffipause
17.30 Stardalen, kraftverk og samdriftsfjøs. Alt: Kjøsnesfjorden, Lunde Turiststasjon, Jølster Bakst
19.00 Avreise mot Anda og ferje over Nordfjorden
Malakoff- festival
Laurdag 23. juli
11.00 – 13.00 Stand i gata på Eid saman med leiar i Noregs Unge Venstre Sveinung Rotevatn og Eid Venstre.
Resten av dagen følgje konserter etter ønske (m.a. Bjørn Eidsvåg og Satyricon..)
Sundag 24.juli
ca.12.00 Reiser frå Eid til Sogndal; stopp på klimautstillinga på Bremuseet i Fjærland og eit mini kraftverk.
kl. 18.00 Møte med lokallaga i Sogn på Kulturhuset i Sogndal
Måndag 25.juli.
11. 00 -12.30 Stand på Storsenteret i Sogndal
kl.13.50 avreise frå Sogndal til Gardemoen