Nødvendig å styrkja ungdomsdemokratiet!

Voss Venstre er glade for at ungdomsdemokratiet i inneverande valperiode(2007-2011) har blitt styrkja. Dette har m. a skjedd gjennom oppretting av ungdomsråd, kjøp av ungdomshus og nye, klare retningsliner som gjev ungdomen auka fridom, men fridom under ansvar. Voss Venstre vil jobba vidare for ei ytterlegare styrking av ungdomsdemokratiet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre har hatt eit kontinuerleg fokus på ungdoms tilhøve. Fleire gonger har Voss Venstre fremja innspel i debatten om ungdoms vilkår i bygda. Seinast i fjor sommar der leiar av Voss Venstre, Knut Olav Nestås, var intervjua i avisa "Hordaland" vedrørande kjøp av ungdomshus, som i ettertid er realisert ved ungdomsrådets overtaking av den gamle barnehagen ved sida av tinghuset.

ungdom

Foto: mk

Også i 2008 fremja Voss Venstre ‒ ved Nestås ‒ eit utspel i avisa "Hordaland" om retningsliner for ungdomsrådet ‒ dette for å forhindra at ungdomsrådet vart ein "Idoljury" med ei einaste rolle i lokalsamfunnet: å velja og vraka mellom gode formål ein kan tildela midlar til. Ei anna sak Venstre er glade for, er tilsetjinga av SLT-koordinator. Dette er ein kommunal stilling som er oppretta for å fokusera på m. a rus og kriminalitet blant ungdom.

I sist kommunestyremøte hadde både Anne Jorunn Ryum Møen (som òg er representant for Venstre i Miljø- og kulturutvalet) og Knut Olav Nestås innlegg om ungdomsdemokratiet. Båe Venstre-politikarane trakk fram at det var naudsynt med eit velfungerande ungdomsdemokrati som har støtte frå lokalpolitikarane og administrasjonen. Nestås peika særskilt på at ei vidareutvikling av ungdomsdemokratiet er nødvendig, nettopp for å unngå "idoljury"-fella.

Eit tverrpolitisk fokus har gjeve resultat dei seinare åra! Men Voss Venstre meinar det er nødvendig med ei vidareutvikling av ungdomsdemokratiet, og me vil jobba vidare for dette i neste valperiode. Det meinar Voss Venstre me skuldar ungdommen!

Venstre logo liggende

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**