Sula Venstre vil at kunnskap, både frå mannen i gata og fagpersonar, skal styre og styrke kommunen vår.
Dei politiske utvala og kommunestyret må jobbe for å få god kunnskap innan sine område. Dette skal gjerast ved å:
Bli godt kjend med dei konkrete skulane, institusjonane, vegane, naturområda, bedriftene
eller andre som dei gjer viktige vedtak for
Lytte til og lære av dei som blir påverka av vedtaka, både tidleg og undervegs i prosessen
Hente inn og skaffe seg fagleg kompetanse av høg kvalitet
Jobbe kreativt og visjonært for eit stadig betre Sula
Sula Venstre vil at folkemeininga skal komme tydeleg fram:
Store og små folkemøte bør vere ei utbreidd arbeidsform, helst med gode
idemyldringsprosessar, der terskelen for å ytre si meining er lav.
Lokalpolitikarane bør sjå på seg sjølve som ombodsfolk, og lytte til tilsette, pårørande,
brukarar og til alle andre som blir påverka av vedtak.
Barn og unge på Sula må bli høyrte i flest muleg viktige saker.
Kommunen må ta ansvar for at alle grupper må bli lytta til
Gi oss minst fire representantar i kommunestyret, og vi vil jobbe kreativt og visjonært for eit stadig betre Sula. Vi vil gjere vårt aller beste for folk, fellesskap og miljø.