Kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane treng ein revolusjon

Sogn og Fjordane kjem svært dårleg ut når det gjeld bruk av kollektivtransport. Venstre vil ha nytenking og utvikling særleg i busstilbodet i Sogn og Fjordane. Venstre meiner at vi har eit stort potensial som kan nyttast til beste både for folk og miljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bussholdeplass-skilt

Venstre meiner at vi treng timeekspressar mellom tettstadane i fylket. Det er viktig at bussen går ofte og at den går til eit vist tidspunkt kvar time. Ser vi på biltrafikken så er her eit stort potensial, men dei fleste vel bilen fordi det i dag er all for lang tid til å vente på neste buss.

Reiselivsundersøkinga viser at folk reiser mest i feriar og i fritida, då står dei fleste bussar i Sogn og Fjordane. Tenk å kunne utnytta dette potensialet positivt. Det er naturleg at skulebussane ikkje går i sommarferien, men det er mildt sagt utruleg at bussar som korresponder med ekspressbussar tek sommarferie.

Mange bygder har svært dårleg busstilbod, i skuleferiane går bussen sjeldan eller aldri. Her trengs det også nytenking. Vi treng ikkje å bruke store bussar her, men kanskje få til samarbeid med drosjenæringa, bestillingsruter ol; som går mot kommunesenter, buss eller båtstopp. Land og områder som vil få til kollektivtransport i distrikta greier det og. Sveits hadde eit flott system på det med kollektivtransport som virka og som enda der folk bur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**