Jon Ove Lomheim og Ellen Havellen toppar Luster Venstre si kommunevalliste

Jon Ove Lomheim, Ellen Havellen er nominert på dei to øverste topplassane på
kommunevallista. På tredje og fjerdeplass følgjer Astrid Eithrheim Lerum og Steinar
Bruheim. Alle dei fire får 25 % røystetillegg av nominasjonsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Jon Ove har 5 periodar i kommunestyret medan Ellen er ny toppkandidat som gjerne vil
engasjera seg politisk i Luster. Astrid har tidlegare vore fast medlem av kommunestyre og
Steinar er representant i kommunestyret no saman med Jon Ove.

Den godkjente vallista inneheld namn på 13 kvinner og 11 menn i alle aldrar. Den yngste
kandidaten blir 26 år i valåret og har med seg to andre listekandidatar under 30 år. Den eldste
blir 80 år, Olav Stølen, er medlem av Luster Eldreråd og framleis aktiv i sitt yrke og frivilligt
arbeid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**