Alliansebygging Sognefjellstunnellen
Det var eit vellukka folkemøte i Skjolden 12.mai for vidare arbeid med Sognefjellstunnellen.
Det er gledeleg for Luster Venstre at vårt framlegg for 16 år sidan no får samla politisk støtte
i Luster og ligg inne i kommuneplanar. Venstre gjekk då mot veg over Handspiki av natur
og miljøomsyn, men kunne gå for tunnel under bandet. Det aller viktigaste argumentet var
likevel at Handspikiprosjektet var dødfødt så lenge dei på andre sida av fjellet ikkje ville ha
vegen. Difor peika Venstre allereie den gongen på heilårssamband forbi Sognfjellet i tunell.
Den gong vart Venstre stempla som "urealistiske" og "bakstreverske".
På folkemøtet i Skjolden var det også samla politisk støtte frå alle Fylkespartia i Sogn og
Fjordane om Luster kommune sitt ønskje om å få sett i gang eit utgreiingsarbeid til NTP
(Norsk Transport Plan). No er den viktige jobben for Luster kommune ved formannskapet
og alle politiske parti å bygge alliansar for støtte til dette viktige prosjektet for busetning og
næringsutvikling for alle kommunar som får nytte av vegprosjektet. Det positive er at dette
også er eit godt miljøprosjekt.
Folkemøtet understreka også at det var viktig at vi lokalt (i heile Indre Sogn inklusive Vik)
står samla om dette prosjektet. Årdal er lokalt ein svært viktig samarbeidspart av fleire
grunnar, men aller viktigast er det at dei er dyktige på politisk arbeid inn mot det sentrale
maktapparat under alle Regjeringsalternativ. Første målet er Sognefjellstunellen, det endelege
målet er tunell frå Årdal til Fortun. Undervegs må Årdal ha tolmod for mellomløysingar.
Så langt har Kåre Lerum vore ein dyktig representant for transport og næring i Sogn. Men i
alliansebygging vidare må også fleire næringsaktørar engasjere seg. Hydro i Årdal er mellom
fleire viktige aktørar i dette engasjement. Kva fordeler vil framtidig tunell Årdal-Fortun ha for
Hydro til alternativ sikker straumforsyning og styring av denne ?
Parallelt med lokal alliansebygging og lokalt engasjement i Sogn, må Luster kommune bygge
alliansar med kommunar og næringslivet langs aksen Bergen – Sogn – Trondheim og spesielt i
Gudbrandsdalen. Dette må vera ei prioritert sak for ordførar og formannskap. Luster Venstre
vil engasjere seg i dette arbeidet der første målet er å få prosjektet inn i Norsk Transport Plan.
Luster Venstre
v/ Jon Ove Lomheim