Stord Venstres tredjekandidat!

Me held på vidare med ein presentasjon av Stord Venstres listekandidatar. Neste person ut er Odd Stuve Rommetveit, dagleg leiar ved Podlen Verkstad AS på Heiane og Stord Venstres tredjekandidat til kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Odd Stuve Rommetveit er frå Høyland på Stord, der han vaks opp og har bustad. Han er enkemann med tre born og to barneborn, og han rundar 60 år neste år.

Odd Stuve Rommetveit

Etter gymnaset på Stord og militærteneste i Hæren tok Odd utdanning ved Høgskulen i Molde og Universitetet i Bergen. Der studerte han økonomi, administrasjon og jus.

Han har arbeidd innan forsikring, transport og offshore leverandørindustri. Men har sidan 1994 vore dagleg leiar i Podlen Verkstad AS på Heiane.

Odd Stuve Rommetveit har også hatt mange verv, kurs og oppdrag innan fleire idrettgreiner og ulike grøne organisasjonar. Han er samfunnsengasjert og nyttar stordtilboda aktivt, både innan kultur, idrett og natur. Og han har ei stor interesse for lokalhistorie.

For Stord Venstre har han vore vara i kommunestyret sidan 2003, og i siste periode 1. vara til komite for oppvekst og utdanning. Han er særskild opptatt av god styring, ansvarskjensle og respekt for kvarandre.

Lokalsamfunnet med kommune, utdanning og næringsliv i spissen, må vera til inspirasjon for innbyggjarane, og innbyggjarane må yta tilbake og ta del i fellesskapet. Slikt gjensidig og godt samspel må til for å byggja stordsamfunnet til nye høgder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**