Individuelt tilpassa opplæring

Det vart framlagt ein grundig rapport der forvaltningsrevisjonen har undersøkt kva system og rutinar fylkeskommunen har for å sikra tilpassa vidaregåande opplæring, og om den følgjer dei lovbestemte krava.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

Det er gledeleg at undersøkinga ikkje har avdekka funn som indikerer avvik frå kravet om at opplæringa skal vera tilpassa den enkelte eleven sine evner og føresetnader ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Denne rapporten og årsmeldinga gir eit positivt bilde av stoda i den vidaregåande skulen i fylket – det er høg gjennomføringsgrad, karakterane er gode i høve landsgjennomsnittet, og det er god trivnad på skulane.

– Men, det er likevel potensiale for forbetring på ein del område, meiner Venstre. Rapporten har tittelen tilpassa opplæring. Tilpassa opplæring er noko alle elevane har rett på, også dei særleg skuleflinke som ofte blir gløymt i desse debattane. Dei har og rett på tilspassa opplæring slik at dei også får faglege utfordringane dei treng i den vanlege skulekvardagen.

I tillegg tek rapporten for seg den spesialtilpassa opplæringa. Dei elevane som ikkje har eller kan få tilstrekkeleg utbytte av den ordinære opplæringa har ein individuell rett på spesialopplæring. Det skal gjerast individuelle vedtak i kvart tilfelle som skal fylgje krava i opplæringslova. Rapporten syner at skiljet mellom desse to tilboda er ikkje tilstrekkeleg tydeleggjort av fylkeskommunen. Det er ulike rutinar på skulane rundt handsaminga av søknad om spesialtilpassa undervisning, og det er ikkje felles rapporteringsrutinar inn til skuleeigar.

Som administrasjonen seier i sitt svar til rapporten, verkar det som at dei enkelte skulane har rutinar og system som fungerer godt, men det er ulikt frå skule til skule korleis det er lagt opp.
For at alle elevane skal vera sikra likebehandling uansett kva vidaregåande skule dei søker på, er det viktig at fylkeskommunen utarbeider felles retningslinjer for sakshandsaming, rapportering til skuleeigar og oppfylgjing av den enkelte elev som får spesialundervisning.

Det er difor gledeleg å sjå at det er det administrasjonen tek sikte på gjennom dei tiltaka dei vil sette i gang, eller alt har satt i gang slik dei skriv i sine kommentarar. Ein rettleiar med ei innarbeid rutinehandbok vil nok vera til god hjelp for dei enkelte skulane i deira arbeidd, og den vil legga eit godt grunnlag for ei felles forståing av sakshandsaming, gjennomføring og rapportering. I tillegg vil felles rutinar og instruksar gjera at den enkelte skulen vil kunne bruka tiden på elevane framfor å utvikla eigne rutinar og instruksar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**