Fleire kandidatar frå Stord Venstre

Jorunn Fylkesnes er eit aktivt venstremenneske med tre born og eit stort hjarta. Her kan du lesa meir om Stord Venstres kandidatar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Jorunn Fylkesnes er kandidat for Stord Venstre ved lokalvalet 2011.

Jorunn Fylkesnes

Foto: Fylkesnes

Ho er fødd i Sagvåg men vaks opp Lønningsåsen og har budd på Stord meisteparten av livet, forutanom eit år i Bergen.

Jorunn har stor utdanningsmessig bakgrunn. Starta med grunnfag juss, og personaladministrasjon og leiing. Arbeida mange år i eit vikarbyrå, men var heima med 3 småborn i 10 år. I haust vert ho bestemor!

Ho hadde eit frivillig verv i Astma og Allergiforeningen i mange år, både lokalt, på fylkesplan og landsplan. På fritida er ho glad i å laga handarbeid, ho les skjønnlitteraturbøker og er glad i turar i fjell, mark og fjord.

Elles er Jorunn ei stort sett kjekk og grei dame, som verkeleg er glad i øya si.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**