Vellukka Voss Cup-stand!

Laurdag 18.6 hadde Voss Venstre Voss Cup-stand i Vangsgata. Jorunn Ytrefjord som er 5. kandidat, Anne Jorunn Ryum Møen som er 3. kandidat og Knut Olav Nestås som er 2. kandidat, var tilstades og kunne melda om ein kjekk dag på stand!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Mange vitja Venstres stand i Vangsgata under Voss Cup, og det vart diskusjonar både med vossingar og tilreisande. Mange saker vart diskuterte, og nokre tema gjekk att, m. a utbygginga av det verna vassdraget i Raundalen, politisk styring, samhandlingsreforma m.m.

Representantane var vel så interessert i å lytta til innspel, som å fremja eigen politikk, og fleire gode innspel vart noterte i løpet av dagen.

Voss Venstre ynskjer å takka dei som tok seg tid til å snakka med oss, og me gler oss til fleire stands framover!

Kandidater til valg 2011, Venstre logo

Foto: Steinar Haugsvær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**