I notatet står det at den rødgrønne regjeringa vil «øke innsatsen mot fattigdom». I stortingsvalkampen 2005 ville Sosialistisk Venstreparti FJERNE fattigdommen og harsellerte med Bondevikregjeringa og særleg statsminister Kjell Magne Bondevik fordi det fortsatt var fattige i Norge. I valkampen i 2009 hadde Sosialistisk Venstreparti endra målsettinga til å BEKJEMPE fattigdom. Og nå i 2011 skal regjeringa altså AUKE INNSATSEN mot fattigdom. Regjeringa har brukt meir pengar enn noen regjering noen gong har brukt. Og likevel altså stadig meir lågmælt om fattigdomsproblemet – først fjerne, så bekjempe, og nå auke innsatsen mot.
Overgangen frå eit lettvint politisk liv utan ansvar og erfaring med å finne realistiske løysingar viste seg å vere veldig vanskeleg.
Nå går vi inn i ein ny valkamp. Det er god grunn for samtlege parti og samtlege kandidatar til å berre love det vi er sikre på at vi kan stå for også om vi skulle få makt og ansvar til å kunne gjennomføre det vi lovar veljarane. At vi ikkje alltid kan garantere fleirtal for forslaga våre er så, men vi må i alle fall sjølve kunne stå for dei – også om vi får sjanse til å utøve makt og vise ansvar.
Jan Kløvstad
fylkessekretær