Ungdomskandidaten til Stord Venstre

Neste person ute er vår ungdomskandidat, Geir Angeltveit. Stord Venstre er det einaste partiet i kommunestyret med ein politisk aktiv ungdomskandidat, noko me er veldig stolt over!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Geir Angeltveit er Stord Venstres ungdomskandidat ved lokalvalet 2011. Fødd den 17. september 1988, noko som gjer han til ein av dei aller yngste av aktive politiske stemmer på Stord.

Geir hystadmarka

Foto: Karianne Angeltveit

Han er for tida student, og studerar Arbeid- og Organisasjonspsykologi. Etter 3 år på vidaregåande skule var Geir ute etter ei litt anna oppleving før han ville studera vidare. Han gjekk fyrst eit år på folkehøgskule i Ålesund, der han lærte meir om og reiste til Syd-Amerika. Han blei betatt av landa Ecuador og Peru.

Geir endte opp seinare med å arbeida i Trondheim for å spara opp pengar, slik at han kunne reisa til og arbeida i Ecuador. Der jobba han med bistandsorganisasjonen Misjonsalliansen, som driv diakonalt arbeide. Han arbeida i slummen som engelsklærar til fattige born og som assistent på ein skule for handicappa born. Etterpå byrja han på Arbeid- og Organisasjonspsykologi, og var nettopp ferdig med 2. året på Bachelorgrad.

Skule og miljø
Geir er veldig interessert i mange felt av politikken, men er særskild opptatt av Skule, utdanning og forsking samt miljø og bistand. Grunnskulen er veldig viktig då den er med på å legga grunnlaget for den nysgjerrige og utforskande delen av mennesket. Mens miljøet er viktig av openbare grunnar, når ein ser korleis ein øydelegg for framtidige generasjonar.

Utover det reint politiske vil han vera ein tilgjengeleg representant som vil kjempa for alle og vil i størst mogleg grad prøva å gi dei unge ei sterkare stemma innad i kommunestyret, for det treng dei.

Geir driv også ungdomskandidatkampanjen, Geir 2011.

Geir med Odd Einar Dørum, Unge Venstres sumarleir, 2010.

Geir med Odd Einar Dørum, Unge Venstres sumarleir, 2010.
Foto: M.Fischer

Geir var lærar ved ein skule i Ecuador. Mars 2009

Geir var lærar ved ein skule i Ecuador. Mars 2009
Foto: Eirin Oksdøl

Geir held ein kaiman på ein elvebåt i Amazonas, Januar 2008.

Geir held ein kaiman på ein elvebåt i Amazonas, Januar 2008.
Foto: Robert Tjomlid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**