– For defensivt, ordførar!

I kommunestyremøtet 16.6.2011 hadde kommunestyrets yngstemann og leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, ein interpellasjon til ordføraren vedk. skjemamengda i Voss kommune. Les meir om debatten her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Etter Venstres bedriftskampanje der partiet vitja nærare 1000 bedrifter, fekk partiet stadfesta ein mistanke Venstre har hatt over ei viss tid: skjemamengda bedriftene møter i kvardagen, er ei sentral utfordring i høve drifta elles!

Bedriftsbesøk hos Sintef i Trondheim

Foto: Sintef

Byråkratiet syner seg lite smidig, krevjande og ‒ trur Venstre ‒ dels unødvendig og komplisert. Ein praktisk konsekvens av dette er at Venstre vil jobba for ein reduksjon i den totale skjemamengda, og det vil me gjera både på lokalt og på nasjonalt plan. Dette fordi liberalarar bryr seg om mannen i gatas møte med systemet, og set folk først; i dette tilfellet bedriftseigarane og gründarane framføre byråkratar og teknokratar.

Venstre gjer det fordi eit slikt fokus vil gagna nyskaping og verdiskaping. Og det som gagnar verdiskapinga, gagnar lokalsamfunna med fleire arbeidsplassar og skattekroner, noko Voss kommune sårt treng. Venstre ynskjer at bedriftene skal konsentrera seg om verdiskaping og trygging av arbeidsplassar.

På bakgrunn av dette, stilte Nestås ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik(Ap) følgjande spørsmål:

1. Vil ordføraren ta eit initiativ for å få kartlagd skjemamengda for bedrifter i Voss kommune?

2. Vil ordføraren ta eit initiativ til ei nærmare vurdering av korleis skjemamengda for bedrifter kan reduserast?

Ordførarens svar basera seg i lita grad på kva kommunen kunne gjera, men kva staten kunne gjera. Ordføraren såg ikkje noko poeng i at kommunen skulle ta noko initiativ til ei vurdering av skjemamengda for bedrifter i Voss, og hadde iallfall ikkje noko tru på at kommunen kunne gjera noko med skjemamengda.

Eldre, seniorer

Foto: Microsoft

‒ For defensivt, ordførar! var alt leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, sa til dette. I ettertid utdjupar han kommentaren: ‒ Næringsdrivande eg har snakka med fortel om skjema som lyt sendast inn fleire gonger i samband med aktivitetar dei føretek seg. Det virkar på meg som rutinar som er overmodne for vurdering, men der er ikkje ordføraren einig med Venstre, dessverre.

‒ I alle tilfeller ser ikkje Venstre kva som er farleg med ei vurdering av skjemamengda, for kan dette bidra til eit styrka fokus frå næringslivet på verdiskaping, så kan det jo gagna Voss kommune monaleg!

‒ Men det blir vel med dette som så mykje anna, dessverre: eit raudgrønt forslag er eit godt forslag, medan andre forslag vert uviktige, avsluttar Knut Olav Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**