Programmet kan du også laste ned som pdf-fil her.
VENSTRE SIN STÅSTAD MENNESKET I SENTRUM
Respekten for enkeltmennesket og ansvar for fellesskapet er Venstre sin grunntanke. Venstre sin ideologi er sosialliberalismen. Omgrepa borgarrett og samfunnsansvar uttrykkjer kjernen i dette verdigrunnlaget.
Å vere liberal inneber ei sterk tru på mennesket si skaparevne, kreativitet og ansvarskjensle. Difor set Venstre alltid enkeltmennesket i sentrum, ikkje grupper eller klassar. Alle menneske er likeverdige, men ingen er like. Auka fridom gjev nye mulegheiter for menneskeleg vekst.
Venstre sitt fellesskapsperspektiv går på tvers av generasjonane. Venstre vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk som ikkje slår beina under velferdsstaten i framtida. Samtidig har vi eit forvaltaransvar som skal sikre generasjonar etter oss lik tilgang på naturopplevingar og ein kvardag utan forureining.
Venstre meiner det lokale politiske sjølvstyret skal vere kjernen i det norske demokratiet. Dei lokalt valde politikarane skal ha ansvar for lokal styring og skal samstundes ha ei ombodsrolle for veljarane.
FYLKESKOMMUNEN
Vi ynskjer å desentralisere mest mogleg statlege oppgåver til lokale folkevalde. Pengar må følgje med desentraliseringa av oppgåver.
Det er naturleg å overføre fleire oppgåver innan landbruk, miljø, samferdsle, kultur og utdanning.
Venstre vil vidareføre og styrkje samarbeidet mellom Vestlandsfylka på område som kommunikasjon, kultur, utdanning og næringsliv. På sikt kan det vere aktuelt å slå fylkeskommunane saman i større regionar, slik at til dømes Vestlandet vert ein region. Slik samanslåing føreset at regionane vert tilførde oppgåver frå statleg hald.
Forvaltning av fylkeskommunen sine verdiar er viktig. For Venstre inneber dette også at plasseringa av kontantar blir gjort ut frå eit langsiktig perspektiv med tanke på høgast mogleg avkastning. Det er viktig at fylkeskommunen ordnar seg slik at ein ivaretek ombodsrolla, habilitet og integritet når fylkeskommunen er eigar og konkurranseaktør i til dømes anbod. Dette må sjåast opp mot den forvaltningsmynde fylkeskommunen er sett til å utøve som primæroppgåve.
Venstre meiner fylkeskommunen bør selje seg ut av selskap og verksemder det ikkje er tungtvegande samfunnsmessige grunnar til å oppretthalde offentleg eigarskap i.
Venstre vil at fylkeskommunen skal ivareta ombodsrolla for borgarane på område som er viktige for desse, men der ansvaret ligg til staten. Likeeins må fylkeskommunen vere ein medspelar overfor kommunane i arbeidet med lokalisering av statlege oppgåver som skal etablerast eller flyttast ut frå Oslo. For Venstre er det eit mål at fylkeskommunen bidreg til at slike oppgåver blir plasserte der vi kan byggje kompetanse.
I samsvar med dette må fylkeskommunen si fiskeri- og oppdrettsforvaltning i større utstrekning leggjast til Måløy og Florø. Tilsvarande må ein arbeide for at fleire av Innovasjon Noreg sine kontor i fylket kan leggjast til Førde eller Florø.
Venstre vil at fylkeskommunen skal ivareta arbeidsgjevarrolla si slik at det fremjar rekruttering og stabilisering, bidreg til likeverd og likestilling og til at eldre arbeidstakarar i større grad vel å stå i arbeid til ordinær pensjonsalder.
Venstre vil ha stemmerett frå 16 år.
MILJØ ENERGI
Venstre byggjer politikken sin på eit økologisk heilskapssyn på natur, menneske og samfunn. Dei økologiske omsyna må vere overordna kortsiktige økonomiske interesser. Bruken av ikkje fornybare naturressursar må reduserast for å få til ei berekraftig utvikling. Dette vil redusere ureininga av naturen. Kvar og ein har eit ansvar for å medverke til dette. Det offentlege si oppgåve er å leggje til rette for at det løner seg å leve miljøvenleg
Venstre sin politikk er tufta på forvaltartanken. Naturen må ikkje utnyttast ut over tolegrensa. Fornuftig forvaltning er ein føresetnad for å sikre valfridom for komande generasjonar. Venstre vil følgje opp planarbeidet som gjeld utvikling av alternative energikjelder.
For Venstre er natur- og miljøvern ein integrert del av samfunnsplanlegging og -utvikling. Fylkeskommunen må ha ambisjonar om å vere ein pådrivar i miljøspørsmål. Venstre vil at klimaplanen skal leggje føringar for større utbyggingar av forskjellig slag i fylket.
Plan- og bygningslova må nyttast for å sikre folkevald styring med planarbeidet. Miljøproblem har ofte konsekvensar utover kommunegrenser og fylkesgrenser. Sogn og Fjordane har naturområde som er viktige både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Difor er det viktig at fylkeskommunen involverer seg i arbeidet for å sikre desse naturområda mot forureining og store naturinngrep. Samarbeid med organisasjonar og andre som handterer miljøspørsmål er viktig for å sikre naturen mot forureining og lite berekraftig bruk.
Naturen vår er verdfull, og når enkeltmennesket og bygdelag må avstå naturområde til felles beste, må fellesskapet vere villig til å bruke betydelege ressursar for å vidareutvikle naturverdien. Her ligg eit stort potensiale for aktivitet og bygdenære arbeidsplassar innan reiseliv, forsking, undervisning og service.
Sogn og Fjordane er storprodusent og storeksportør av vasskraft. Venstre ser at det er naudsynt at det vert bygt overføringsliner for transport av kraft. Kraftmastene er store inngrep i både urørd natur og bustadområde. Miljøomsyn må vege tungt når ein skal velje mellom kraftmaster, kabling i sjø og på land. Omsynet til natur, kulturlandskap, bygder, reiseliv og helse må også vege tungt. Venstre meiner ein skal ta seg råd til skånsam utbygging, med mindre dette vert for økonomisk krevjande. Venstre vil at vi rustar opp og bind saman noverande linenett.
Sogn og Fjordane har stort potensiale for utbygging av vindkraft. Venstre ser utbygging av vindkraft som viktig med omsyn til arbeidsplassar, næringsutvikling og produksjon av klimavenleg energi. Ved nye utbyggingar er det viktig at miljøomsyn og lokaldemokrati blir teke vare på.
Det må stillast strengare krav til oppdrettsnæringa når det gjeld miljøomsyn. Oppdrettsnæringa bør ha planar for løysing av utfordringane rundt lakselus og røming snarast.
Ved utlysing av anbod for land- og sjøtransportruter, skal miljøomsyn vege tungt.
Venstre er imot at overskotsmasse frå ei mogeleg gruvedrift for rutil på Engebø i Naustdal skal deponerast i fjorden.
Venstre vil arbeide for at fylkeskommunen tek miljøomsyn både ved innkjøp og fylkeskommunale utbyggingar. For å få det til må det takast i bruk eit sertifiseringssystem der omsyn til miljø får føremoner ved anbodsfastsetjing. Fylkeskommunale bygg må tilretteleggjast for miljøvenleg energi, til dømes i form av vassboren eller anna miljøvenleg oppvarming.
Fylkeskommunen må utøve aktivt eigarskap og arbeide for å styrkje kompetansemiljøet og sikre arbeidsplassane og verdiane i SFE.
NÆRINGSLIV OG SYSSELSETJING.
Venstre meiner det er viktig å føre ein politikk som gjer at folk ynskjer å bu og virke i Sogn og Fjordane. Å leggje til rette for nyskapande og lønsam næringsutvikling er ein nøkkelfaktor i så måte.
Viktige ressursar innan landbruk, kulturlandskap, fiskeri- og oppdrettsnæring, verfts- og teknologiindustri, reiseliv, vasskraft, metallurgisk industri, olje og gass ligg i distrikta og i fylket vårt. Desse ressursane er avgjerande for verdiskaping og velferd for heile landet. Sogn og Fjordane bidreg med verdiskaping til det norske samfunnet som tilsvarer fleire gonger folketalet. Eit variert næringsgrunnlag, desentralisert utdanningstilbod, helsetilbod og gode kommunikasjonar er avgjerande for å kunne utnytte desse ressursane på ein miljømessig og økonomisk forsvarleg måte.
Venstre ser det som viktig å fremje tettstadutvikling ved at tettstadene i fylket får tenester og tilbod ein i dag må ut av fylket for å hente. Skal vi klare å tiltrekkje oss arbeidskraft og innbyggjarar, er det naudsynt å satse på oppbygging av tettstader og regionsenter, slik at spanande arbeidsplassar, gode offentlege tenester og mangfaldige fritidstilbod er å finne innan rimeleg reiseavstand. Venstre vil òg kjempe aktivt for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar til fylket. Venstre vil leggje tilhøva til rette for etablering av nye næringsverksemder gjennom nødvendige samferdsletiltak, støtteordningar og vidare arealplanlegging både på land og sjø.
Dei fleste nye arbeidsplassar vil i framtida bli skapte i små- og mellomstore verksemder. Nyetablerarar og småverksemder må få vilkår som aukar sysselsetjinga og verdiskapinga. Venstre vil difor arbeide for tilskotsordningar tilpassa slike verksemder sin trong. Venstre trur på det skapande mennesket. Jobbskaparar og idémakarar må synast tillit og ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde. Det må samtidig passast på at også eksisterande verksemder får tilfredsstillande rammevilkår.
Fylkeskommunen skal vere pådrivar for regional utvikling. Venstre vil i fylkeskommunale organ sjå etter at fylkeskommunen fylgjer opp dette i praksis, både når det gjeld forvaltning av tilskots- og utviklingsmidlar, og korleis fylkeskommunen opptrer sjølv som kjøpar av varer og tenester. Anbod og prisførespurnader på fylkeskommunale innkjøp må innrettast slik at verksemder i Sogn og Fjordane har reelt høve til å konkurrere med verksemder utanfrå.
Ordninga med distriktsaktiv skule må vidareutviklast for å skape ein betre lokal etablerarkultur i Sogn og Fjordane. Det må vere eit samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv når det gjeld praktisk gjennomføring. Lærlingordningar må utviklast vidare og må leggjast opp mest mogeleg slik at lærlingane får tidsmessig og relevant praksis for komande virke i næringslivet.
Sogn og Fjordane har historisk sett alltid vore ein del av det internasjonale samfunnet i form av handelsmønster og næringsliv. Venstre vil vidareføre den internasjonale satsinga og profilen. Det er viktig for Fylkeskommunen å ha fokus på internasjonalt samarbeid for å gjere Sogn og Fjordane meir attraktivt som stad å busetje og etablere seg.
I denne samanhengen er det viktig å styrkje Sogn og Fjordane si deltaking i Vest-Noreg sitt Brüsselkontor og å styrkje den generelle bemanninga av dette kontoret for å sikre Nord-Vestlandet sine interesser.
Venstre vil:
· betre samarbeidet og kommunikasjonen mellom utdannings- og forskingsmiljøa og næringslivet.
· vere ein pådrivar for betre infrastruktur i fylket på land, på sjøen og i lufta, mellom anna ved hjelp av regionale utviklingsmidlar.
· at Sogn og Fjordane får ta del i utnytting av olje og gassressursane utanfor fylket gjennom auke i baseaktiviteten i Florø, og gjennom industrietablering generelt på kysten som står i høve til dei verdiar som vert hausta på og utanfor kysten.
· at fylkeskommunen bidreg med midlar til omstillingstiltak i kommunar som får store utfordringar særleg innan busetnad, næringsutvikling, sysselsetjing med vidare.
· at fylkeskommunen støttar vidare utvikling av teknologimiljø, næringslivsklyngjer og maritim utdanning som særleg utviklar seg i Vågsøy.
· at vindkraftutvikling og leverandørindustri får gode utviklingsvilkår, men slik at dette vert tilpassa lokale ynske.
· vidareutvikle Fylkeskommunen si satsing på internasjonalt samarbeid og vere ein støttespelar for bedrifter og andre som ynskjer å satse internasjonalt.
· bidra til internasjonalt fokus på VGS gjennom kulturutveksling og solidaritetsarbeid.
LANDBRUKET
Det er den statlege og internasjonale politikken som i hovudsak formar vilkåra for norsk landbruk. Men Venstre ser og på Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin felles fylkesdelplan for landbruket som eit viktig styringsdokument.
Landbruket har vore og bør framleis vere ein stabiliserande faktor for busetnaden i bygdene. Venstre støttar tiltak der bønder utviklar samarbeid og samdrift av bruka sine med sikte på betre økonomi, fritidsordningar, og vern av kulturlandskap. I ei tid der våre små brukseiningar slit økonomisk, trengst det og offentlege midlar til styrking av andre bygdenæringar.
Den nye ordninga der midlar frå jordbruksavtalen vert overførde til regionale miljøprogram, har gjeve fylket spelerom til å utforme sin eigen fordelingsprofil. Venstre meiner vårt fylke har fått til ein tenleg profil. Det må framleis gjevast tilskot til drift i brattlendt terreng og beiting i utmark for å behalde kulturlandskap og landbruksinteresser. Utmarka må i større utstrekning enn før sjåast på som ein viktig ressurs i landbruket og kan nyttast til dømes til jakt, fiske, beiting og gardsturisme.
Forvaltning av jord- og andre naturressursar krev langsiktig tenking. Vern om dyrka og dyrkbar jord til komande ætter må difor stå sterkt i utbyggjingssaker.
Turistfylket vårt treng eit ryddig kulturlandskap. Attgroing i klimatisk drivande fjordlandskap kan utnyttast til produksjon av bioenergi. Fylkeskommunen bør syne veg ved nytting av slik energi der det høver med fylkeskommunale bygg og elles stimulere lokal satsing på bioenergi.
Skogreisinga på Vestlandet fører no til store mengder hogstmogen skog, ofte i veglaust og bratt terreng. Det fylkeskommunale tilskotet til skogsvegar bør haldast oppe, sjølvsagt med krav til miljøvenlege og økonomisk forsvarlege vegplanar.
VENSTRE VIL:
· støtte tiltak for at fylket kan motivere unge til å satse på landbruket og verdiskaping knytt til landbruket.
· utvikle dei landbruksfaglege utdanningane på Mo og i Aurland som kompetansesenter, særleg for å oppfylle dei nasjonale måla om meir økologisk landbruk.
· ha størst mogleg vidareforedling av råvarene innan fylket.
· oppretthalde det fylkeskommunale tilskotet til skogsvegar slik at den næringsmessige utnyttinga av utmark og skog aukar.
· i vernesaker arbeide for vernereglar som kan sameine bruk og vern, og medverke til eit betre samarbeid mellom grunneigar og forvaltning.
· at fylket vårt framleis skal vere verdssenter for avl og bruk av fjordhesten.
· medverke til at gardstuna vert brukte som gode buplassar for fastbuande, gjerne og for andre enn bønder.
· at fylkeskommunen opnar for at ein i større utstrekning enn før kan dispensere frå krav om bu- og driveplikt dersom dette samla sett kan tene lokalsamfunna i fylket.
· at landbruksforvaltninga på fylkesplan skal vere folkestyrt.
· at dagens rovdyrpolitikk vert gjennomført i praksis slik at det gjer det mogeleg og lønsamt å nytte dei rike utmarksbeita i fylket.
· at ein støttar tiltak som betrar dyrehelse.
· at kommunane innanfor eit nasjonalt regelverk skal kunne vere tøyelege med omsyn til å fastsetje eigne grenser for buplikt.
· at ein fjernar delingsforbodet i Jordlova.
· at ein fjernar Odelslova.
· gå inn for systematisk satsing på rydding av fjordlandskapet for å stoppe og motvirke attgroing.
· fase ut oppdrett av pels ved å tilby overgangsstønad til annan type drift.
FISKE
Fiskeri- og oppdrettsnæringa har vore og er av dei viktigaste fundamenta for bu- og sysselsetjinga på kysten.
Fiskeressursane er nasjonalressursar som må forvaltast på nasjonalt nivå.
Den havgåande flåten, kystflåten, oppdrettsnæringa og fiskeindustrien er til saman grunnpilarar i kystsamfunna. Venstre vil ha ein fiskareigd flåte som sikrar at fiskeflåten blir spreidd langs kysten. Venstre vil åtvare mot eit kvotesystem som hindrar nyrekruttering til næringa.
Arbeidsplassar på fiskebåt må likestillast med arbeidsplassar innan sjøfart med omsyn til skattlegging, offentleg støtte og finansieringsordningar.
Utdanning og vidare utvikling av lærlingeordninga kan vere med på å sikre rekruttering til fiskerinæringa. Det er viktig at så vel utdannning som lærlingeordningar vert best mogeleg tilrettelagt og er tidsmessig og tenleg for dei marine næringane.
Innovasjon Noreg må i større utstrekning enn før gje støtte og lån til kystnæringar og fiskeri slik at det vidare kan auke verdiskapinga for fylket.
Venstre vil:
· at oppdrettsnæringa både for fiskeartar og skjel må sikrast ein distriktsvenleg profil.
· utvikle kystsoneplanar som gjev næringa høve til berekraftig utvikling.
· at ordning med rekrutteringskonsesjonar må utprøvast.
· at det ved omstruktureringar skal takast omsyn til næringa sine behov for langsiktig planlegging
· at det vert sikra gode opplæringstilbod i aquakultur og fiskerifag ved Måløy vidaregåande skule, og at det vert satsa vidare på maritim fagskule.
· ikkje ha fri omsetjing av fiskekvotar.
· styrkje tiltak og aktivitetar som kan utvikle næringsverksemd med utspring i samhandling mellom tradisjonelle kystnære næringar og turisme.
· redde fiske- og truga sjøfuglbestandar ved å ha ei ny sterk regulering av industrifiske (kolmule, tobis, augepål) i Nordsjøen, basert på forskingsinstitusjonane sine tilrådingar.
· utreie innverknaden seismikkskyting har på fiskebestanden. Ved kolliderande interesser må fiskeressursane ha prioritet.
SAMFERDSLE
Dersom vi skal få utvikling og folketalsauke i fylket vårt, må vi sjå utvikling av næringslivet i samband med samferdsle. Transportlinene både på sjø, land og i lufta må vere raske og effektive slik at næringslivet sine transportbehov vert dekka, og folk si daglege pendling til og frå arbeid fungerer. Dette gjeld både i fylket og ut over fylkesgrensene til andre deler av landet og sentrale strok.
Venstre vil knyte fylket betre saman gjennom utbygging av vegnettet både for stamvegar, riksvegar og fylkesvegar.
Venstre vil i fylkestinget setje av midlar til gjennomføring av investeringstiltaka i Fylkesvegplanen.
I tida framover vil det vere svært viktig å ha sterkt fylkeskommunalt fokus på å oppretthalde og utvikle både flyplassar og flytilbod i fylket. Venstre vil arbeide for at Flora Lufthamn kan byggjast ut slik at flyplassen kan ta ned større fly, til beste for næringslivet, reiselivet og kommunikasjonane elles i fylket.
Det lokale rutetilbodet skal gje innbyggjarane tilbod om rutesamband til eige kommunesenter og regionale senter i fylket.
Likeeins er dei regionale bussrutene og ekspressbussane viktige ledd i samferdsla i fylket.
Det er og viktig at fylkeskommunen gjev tenlege tilbod til sjøs både i lokaltrafikk og ved å oppretthalde ekspressbåttilbod mot Bergen. Venstre vil framleis arbeide for å få bygd Stad Skipstunnel og derigjennom videreføre ekspressbåtrutene til Ålesund.
Venstre er positive til brukarbetaling som del av finansieringa av samferdsleprosjekt i fylket når dette bidreg til ein meir effektiv gjennomføring av prosjekta, og der det er lokal vilje til dette.
Venstre vil:
· at staten løyver pengar til byggjing av Stad-tunnelen straks, utan fleire utgreiingar.
· arbeide for at Englands-båten (Bergen – Stavanger-Newcastle) vert starta opp att til beste for eksportretta næringar og reiselivet.
· auke løyvingane i den nasjonale transportplanen slik at vi får "gul midtstripe" på riksveg E39 gjennom fylket i løpet av få år.
· arbeide for å auke statlege midlar til utbetring av riksvegar og sikring av rasfarlege parti.
· arbeide for auka løyvingar til fylkesvegar.
· arbeide for utbyggjing av kystvegen Ålesund Bergen, med realisering av 45-minuttregionen (Kystveg Florø-Måløy) innan 2020 som eit spleiselag mellom trafikkantar, staten og fylkeskommunale løyvingar.
· arbeide for utbetring av vegen Olden Innvik.
· arbeide for utbygging av Atløysambandet.
· sjå vegbygging som ein viktig del i utviklinga av fylket.
· arbeide for å utvide ein felles bu- og arbeidsmarknad i Sogn ved utbetring av stamvegstrekninga Leikanger- Vikøyri.
· få til eit ruteopplegg med båt for elevar og arbeidarar mellom Aurland ogVik til Sogndal og Leikanger.
· auke innsatsen på trafikktryggleik monaleg og prioritere meir midlar til gang- og sykkelvegar.
· utvikle og følgje opp flyplassane i fylket ved å betre innflygingstilhøva og regulariteten.
· utvikle eit godt og framtidsretta kollektivtilbod i alle delar av fylket – også av miljøomsyn.
· ha time-ekspressar på dei mest folkerike busstrekningane.
· ha betre samband mellom dei ulike rutetilboda både på land, sjø og i lufta.
· ha betre samband mellom ekspressbussar og tog på Gol og Otta.
· behalde rutesambandet mest mogeleg heilårleg mot jernbana i Flåm
· at fylket framleis bidreg økonomisk til godsruter i dei mest avsidesliggjande delane av fylket.
· at kombinerte system med drosje og buss vert nytta for persontransport i område med svakt trafikkgrunnlag, og at fylkeskommunen bidreg til at kvar kommune i fylket har nok drosjeløyve til å dekkje trongen for både privat kollektivtransport og sjuketransport.
· oppretthalde ordninga med ungdomskort for kollektivreiser.
· ha ein meir fleksibel skuleskyss for elevar i vidaregåande skule også om morgonen.
· vidareutvikle ordninga med tilrettelagde transporttilbod og "Trygt heim for ein 50-lapp".
· betre transporttilbodet for funksjonshemma.
SKULE OG UTDANNING.
Skulen skal vere ein stad å lære, ikkje berre ein stad å vere.
For Venstre er ikkje skulen eit verktøy som politikarar kan bruke til å løyse alle sosiale utfordringar i samfunnet. Skulen skal vere ein arena for fagleg utvikling, danning og kompetansebygging.
Skulen si viktigaste oppgåve er å gje den enkelte elev best mogeleg kunnskapsnivå og gode grunnleggjande ferdigheiter. Kvar elev må få ei utvikling etter eigne evner. For å bevare og vidareutvikle eit liberalt demokrati er det avgjerande at våre elevar utviklar evne til å tenkje sjølvstendig, vere nysgjerrige, kreative og ha kritisk vurdering.
Venstre har som mål å gje den enkelte ungdom og vaksne ei best mogeleg opplæring etter interesser, evner og anlegg. Venstre ynskjer eit sterkt offentleg skuleverk med private skular og folkehøgskular som verdfulle supplement.
Det er viktig å halda oppe eit desentralisert og heilskapleg skuletilbod i fylket. For å greie å gje den enkelte eit best mogleg og likeverdig fagtilbod, er det naudsynt å sjå alle skulane i ein region i samanheng. Dette inneber eit forpliktande samarbeid mellom skulane. Kvar skule må få vidareutvikle eigen identitet og dei fagområda der dei er sterke. Dette er viktig også for å få sterke og gode fagmiljø og utnytte dei økonomiske ressursane betre.
I åra som kjem vil elevtalet ved den vidaregåande skulen i fylket gå ned. Dette kan føre med seg endringar i skulestrukturen i Sogn og Fjordane, noko det er viktig at politikarar er opne om.
For Venstre er det avgjerande at dei vidaregåande skulane i fylket er store nok til å gje eit forsvarleg fagtilbod. Samstundes er det viktig for Venstre at alle skal få eit studietilbod slik at dei kan bu heime lengst råd. Fråfallet er størst blant hybelbuarar, derfor vil vi legge til rette for skuleskyssar slik at flest mogeleg kan bu heime fyrste året.
Venstre vil leggje stor vekt på reiseveg ved spørsmålet om skulestruktur, og vil at ungdom i alle regionar i fylket har eit fagleg forsvarleg skuletilbod innan rimeleg reiseavstand.
Skulane må bli stimulerte til å drive utviklingsarbeid. Det må innførast eit system for skulevurdering. Skulane må få større fridom innanfor gjevne rammer til å utvikle seg.
For Venstre er det sjølvsagt at skulen er til for den enkelte elev og hans ynske for framtidig utdanning og yrke. Ein må også ta omsyn til den kompetansen og fagutdanninga som arbeidslivet vårt krev.
I Sogn og Fjordane skal vi leve av morgondagens verksemder. Venstre meiner difor at det er viktig å satse meir på entreprenørskap og samarbeid med verksemder i nærområdet. Fagliner må difor leggjast til skular der ein kan leggje til rette for nødvendig samarbeid med aktuelle verksemder.
Venstre vil:
· at elevane i den vidaregåande skulen skal ha fridom i val av skule.
· halde på den desentraliserte skulemodellen vi har i Sogn og Fjordane slik at dei fleste unge kan bu heime lengst mogeleg samstundes som dei har eit godt og breitt tilbod innanfor rimeleg reiseavstand.
· ha likeverdige skuletilbod i dei tre regionane samstundes som vi beheld dei fylkesdekkande linene som over tid har opparbeidd verdfull kompetanse og erfaring.
· styrke lærarane sitt høve til fagleg oppgradering og kompetanseheving.
· styrke elevdemokratiet med mellom anna å syte for eigne midlar som kan disponerast av elevråda på skulane.
· at fylkeskommunen samarbeider med Høgskulen Sogn og Fjordane om utviklinga av høgskuletilbodet i fylket.
· betre tilpassinga av studietilbodet til næringslivet sine behov.
· vidareutvikle og styrke samarbeid mellom rådgjevartenestene i grunnskule og vidaregåande skule
SOSIAL OG HELSEPOLITIKK.
Velferdsstaten kan aldri erstatte det personlege ansvaret vi som einskildmenneske har for oss sjølve og medmenneska våre. Dei som bur i fylket skal kunne kjenne seg trygge på at dei får hjelp når dei treng det. Tilbod til eldre og kronisk sjuke og psykiatriske tenester skal gjevast nærast mogeleg innbyggjarane.
Ingen menneske med psykiske problem, korkje barn eller vaksne, skal bu og leve liva sine på institusjon over lengre tid. Dette må vere utgangspunktet for korleis hjelp innan psykisk helse, rus og barnevern vert organisert. Kommunane skal vere sentrum for hjelpa. Desse må sikrast ein økonomisk situasjon og fagleg kompetanse, slik at dei kan ha gode og sterke tenester på desse områda.
Kjernen i Venstre sin helse- og omsorgspolitikk er at fleire oppgåver må løysast nærare den einskilde brukar, det vil seie i primærhelsetenesta. Det krev ei omfordeling av fagfolk og ressursar frå statleg spesialisthelseteneste til kommunane, slik at dei vert sette i stand til å løyse nye oppgåver.
Fylkeskommunen har ingen formell påverknad på sjukehusa og drifta av desse i fylket. Vi må likevel vere klåre over den ombodsrolla vi har i høve innbyggjarane. Sjølv om helseforetaka no er statlege, ønskjer vi i Venstre å følgje med og vere aktive overfor nasjonale myndigheiter for å kunne ta i vare innbyggjarane sine rettar.
Venstre går inn for at Sogn og Fjordane får tildelt regionale helseoppgåver.
Vi ynskjer at helseføretaket skal nytte offentlege sjukehus framfor private klinikkar når det er ledig kapasitet hjå det offentlege. Venstre vil også ha auka statleg finansiering av sjukehusa, med særskilt vekt på dei utfordringar vår spreidde busetnad og topografi gjev.
Venstre vil:
· ha eit sterkt sentralsjukehus i Førde.
· ha velfungerande lokalsjukehus i Nordfjord og Sogn. Venstre definerer lokalsjukehus som døgnopne institusjonar med akuttberedskap innan indremedisin, ortopedisk kirurgi og/eller generell kirurgi, fødetenester på nivå med dag- og anestesitilbod, i tillegg til nødvendige røntgen- og laboratorietenester.
· ha livskraftige nærsjukehustenester i Florø.
· ha eit godt, styrka og desentralisert tilbod innan psykiatri, geriatri, rusomsorg, rehabilitering og for kronisk sjuke.
· støtte opp om rekrutteringstiltak innan tannhelsetenesta og medverke til opptrapping av utskifting av utstyr.
· yte tilskot til krisetelefon og krisesenter.
· styrke arbeidet for betre folkehelse i fylket.
· utvikle samspelet mellom dei frivillige organisasjonane og dei offentlege aktørane i helsevesenet.
· stø opp om utviklinga av Hauglandssenteret og Livsmeistringssenteret på Skei.
· oppretthalde ambulansebåtane på kysten.
· at ambulansar og ambulansetenester må vere tilstades i alle kommunar i fylket.
KULTUR
I eit liberalt samfunn er ein større kultursektor og eit kreativt samfunn eit mål i seg sjølv. Kultursektoren har eit stort potensiale. Venstre er for ei styrking av den lokale og regionale sjølvråderetten innanfor kultursektoren.
For Venstre er kulturpolitikken limet som utviklar og bind menneska og lokalsamfunna saman. Dei frivillige laga og organisasjonane er ei berande kraft i utviklinga av dette fellesskapet.
Musea i fylket er ein sentral del av fylket sitt kulturtilbod og er viktige for å ta vare på og formidle kulturminna våre. Den nye stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er ein viktig støttespelar for kommunane og dei mange historielaga i fylket. God kjennskap til vår eigen lokalhistorie er ei viktig plattform i møte med ei stadig meir globalisert og mangfaldig verd.
Det er viktig at Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har eit godt samarbeid med kulturavdelinga og kulturorganisasjonane i kommunane.
Fylkesbiblioteket og dei lokale biblioteka er ein annan viktig kulturinstitusjon i fylket. I tillegg til å kunna tilby ulike former for kultur er biblioteka ein viktig møteplass i lokalsamfunna. Det er ofte den første kulturinstitusjonen barn og unge møter, og det er ei kjelde til kunnskap om norsk kultur og samfunnsliv for nye innbyggjarar frå andre kulturar.
Fylkesbiblioteket er ein viktig kompetansebyggjar og koordinator for dei lokale biblioteka. Biblioteka i fylket har eit særskilt ansvar for å formidla og fremja nynorsk og nynorsk litteratur. Allment tilgjengelege og offentlege bibliotek er grunnleggjande for ytringsfridom og demokrati.
For Venstre er gode og varierte kulturtilbod til barn og unge viktig. Eit tidleg møte med kultur er med på å byggje identitet og medverkar til at ein blir medveten om kvar ein kjem frå og kven ein er. Den kulturelle skulesekken er ein sentral del av fylket si satsing på dette området, og det er viktig for Venstre at den er sikra gode arbeidsvilkår. Ungdommens kulturmønstring gjev ungdom høve til sjølv å prøve seg som utøvande kunstnarar, og gjennom Fylkesting for ungdom lærer dei seg engasjement, deltaking og samfunnsansvar. Alle er viktige eigenskapar å ha med seg inn i vaksenlivet.
Venstre vil stimulere og styrkje ulike kulturformer som næringsveg, og som støtte til andre politiske målsetjingar. Dei utøvande kunstnarane som bur i fylket er ein viktig ressurs som er med på å gjere Sogn og Fjordane til det kulturfylket vi er. Det er viktig at fylkeskommunen har ein bevisst strategi om å gjere seg nytte av desse kunstnarane i sitt kulturarbeid.
Friluftsliv vert stadig viktigare, og ein ser at nærleik til gode friluftstilbod er viktige moment for tilflyttarar til fylket. Friluftsliv er ein viktig faktor for identitet og kulturarv, og bidreg til forståing av kor viktig det er at vi har urørd natur og miljø. Eit godt og aktivt friluftsliv bidreg til god helse.
Venstre vil:
· at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å ta vare på og utvikle freda og verneverdige bygg, byggningsmiljø og natur, til gagn for by og tettstadutvikling. Fylkeskommunen må samtidig arbeide inn mot statlege myndigheiter for å få midlar til dette arbeidet.
· følgje opp fylkeskommunen sine forpliktingar når det gjeld Opera Nordfjord og stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.
· vil at løyvingane til ulike kulturformål skal kanaliserast slik at dei bidreg til kvalitet, mangfald og breidde, og slik at dei gjer kulturaktørane uavhengige av politiske meiningar og føringar.
· vil arbeide for langsiktige og gode tilskotsordningar som sikrar stabile rammevilkår for mottakarane.
· prioritere barn og unge ved tildeling av midlar.
· prioritere tilskot til aktivitet framfor tilskot til drift.
· stø opp om Fylkesbiblioteket, blant anna ved å arbeide for å oppfylle føringane i Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011- 2014.
· stø opp om Sogn og Fjordane Teater si verksemd.
· at fylket held fram med satsinga si på barn og ungdom med Den kulturelle skulesekken, ungdomen si kulturmønstring og fylkesting for ungdom.
· utvikle samspelet mellom amatørkreftene og dei profesjonelle aktørane.
· Venstre vil arbeide for at Bokbåten kan sikrast driftsgrunnlag i fylket.
· støtte arbeidet med visningsbygg på Tusenårsstaden Gulatinget.