Til gruppeleiarane i Sogndal kommunestyre

Sak 21.11 Innbyggjarinitiativ, reguleringsplan Øyane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Til gruppeleiarane i Sogndal kommunestyre.

Sak 21.11 Innbyggjarinitiativ, reguleringsplan Øyane.

Underteikna har skrive seg på protestlista mot reguleringsplanen på Slakthustomta. Denne lista vart
lagt ut etter at reguleringsplanen var vedteken i kommunestyret. Listene vart leverte til ordføraren
same dagen som Forvaltningsutvalet handsama klagen på reguleringsplanen. Desse listene var
difor å sjå på som eit innspel i saka og skulle da sjølvsagt ha fylgt klagesaka til fylkesmannen. Det
ville da vore opp til fylkesmannen å vurdere om listene frå nettet skulle reknast med.
Ordføraren burde vel også på første møte i kommunestyret orientert om protestlistene som han
hadde teke imot.

Eg har ikkje skrive under på noko innbyggjarinitiativ og kjenner meg saman med andre dårleg
handsama i denne saka. Dei som har sett seg inn i regelverket for innbyggjarinitiativ, vil veta at det
truleg er for seint i denne saka.

Kvifor fleirtalet i formannskapet stør rådmannen i hans innstilling er vanskeleg å forstå. Det er fullt
legitimt å samle underskrifter på protestlister og at dei vert lagde ved ei sak ( eller iallfall at det vert
opplyst at dei finst, kor mange underskrifter det er og kor dei ligg) Ved å handsame underskriftene
som innbyggjarinitiativ kan det røystast ned. Det er jo heilt motsett av det vi som skreiv på protest-
listene, ville. Vi ville at vår røyst skulle høyrast i handsaminga av klagen på reguleringsplanen.

Eg vil be om at kommunestyret tek Øyane Grendelag og dei som har skrive på protestlistene på
alvor og røystar mot innstillinga frå formannskapet og at listene vert sende til fylkesmannen.

Med helsing Bjørg Rimeslaatten Sogndal 08.06.11

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**